Kulda har verkeleg festa grepet om Noreg dette nyåret.

Kanskje har du fyrt litt ekstra i omnen? Eller har du ein litt støvete oljeomn som framleis fungerer heilt greitt? Lukta det brent støv av omnen? Da bør du lese vidare.

Feil bruk av varmekjelder og bruk av gamalt utstyr kan potensielt vera brannfeller.

Det er flest brannar i Noreg i vintermånadane, viser tal frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).

I 2025 omkom 41 menneske i brann i Noreg. 34 av dei døydde i bustad eller fritidsbustad, melder Brannvernforeningen.

Her får du gode råd til korleis du kan unngå brann i heimen.

  1. Kan du bruka gamle varmeomnar?
  2. Er varmepledd og varmeteppe brannfarlege?
  3. Kva må du tenkja på når du fyrer med ved?
  4. Kva skjer når du brukar mykje straum på ein gong?
  5. Det kanskje viktigaste rådet

Kan du bruka gamle varmeomnar?

– Det er viktig at omnane er skikkelege og fungerer som dei skal, seier Tommy Kristoffersen, seksjonsleiar for beredskap i Bergen brannvesen.

Eit døme som ikkje fungerer som det skal er ein vifteomn der vifta er defekt, medan varmeelementet fungerer som det skal.

– Då får du utvikling av varme, men ikkje luftgjennomstrøyminga du skal ha. Det er ein potensiell brannfare, seier han

Ein svart vifteomn med svidde sølv-delar på toppen.

Denne vifteomnen er eit døme på eit dårleg støpsel. Det kan fungera greitt med ein omn med termostat der vifta vil slå seg av når det er varmt nok, men når omnen ikkje har ein slik vil ein slik svakheit kunna skapa gnistar.

Foto: Bergen brannvesen

Dersom det luktar brent støv når ein omn varmar seg opp, er du eigentleg litt seint ute. Støvet bør fjernast før du set omnen i gang, meiner Kristoffersen.

Han får støtte av Jan Svoen som jobbar med brannførebygging i Sunnfjord kommune. Han meiner folk bør halda seg heime når dei set på omnar som ikkje har vore i bruk på ei stund.

Han vil ikkje setja ei aldersgrense for kva som er ein trygg omn.

– Dette må ein vurdera. Er du usikker, så brukar du ikkje omnen. Så enkelt er det, seier Svoen.

Er varmepledd og varmeteppe brannfarlege?

– Varmeteppa er ikkje farlege så lenge dei blir brukt slik leverandøren seier, seier Kristoffersen i brannvesenet

Det mest sentrale er at varmeteppe ikkje skal stå på når du ikkje er vaken.

Nyleg rykte Bergen brannvesen ut til ein brann der eit barn låg og sov i ei seng der varmeteppet tok fyr.

– Bruk det til å varma opp når du er vaken. Skru det av og trekk ut støpselet før du legg deg til å sova, seier Kristoffersen.

Ein fem cm lang, to cm brei gul dings med svimerke

Dette var alt som var att etter at eit varmeteppe byrja å brenna i ei barneseng i Fana måndag.

Foto: Bergen brannvesen

Svoen meiner at du bør halda deg i huset når teppa står på.

– I eldre teppe kan kablar morkna og då er faren for at det tek fyr mykje større. Viss det tek fyr oppi ei seng har du plutseleg ein bygningsbrann. Om du ligg oppi der så får du brannskadar. Teppa bør aldri brukast utan tilsyn.

Kva må du tenkja på når du fyrer med ved?

Det første rådet frå Svoen når det gjeld peisfyring er å ikkje setja fyr på juletreet.

Greinene bør leverast på gjenvinningsstasjonen. Stammen kan du kappa opp, tørka og bruka som ved til neste år. For at veden er tørr, er sentralt.

– Du må passa på å ha tørr ved og god trekk. Me ser at mange som fyrer lite til vanleg fyrer ekstra mykje no for å få varmen opp. Med ei god pipe og ein god omn er det ingen fare, seier Svoen.

I Bergen har brannvesenet nyleg vore ute på ein brann som starta då nokon skulle fjerna oske frå ein peis. Då tok parketten fyr.

To folk i brannklede med røykdykkarflasker og masker står lent over eit parkettgolv med svimerke.

Kolrestar kan innehalda glør i fleire dagar. Brannvesenet tilrår å oppbevara dei i metallbehaldar med lok.

Foto: Bergen brannvesen

– Ta oska ut med ein brannsikker behaldar og set han utandørs i brannsikre omgjevnader. Ikkje oppetter husveggen altså.

Kva skjer når me brukar mykje straum på ein gong?

Dei siste vekene har nordmenn brukt rekordmykje straum. Onsdag denne veka blei det sett ny rekord for straumforbruk i Noreg.

Det kan føra til slitasje på stikkontaktar.

– Viss det er nokon stader i huset ditt der støpsel blir teke inn og ut mange gonger og det byrjar å bli dårleg kontakt, då bør du ta ein liten visuell kontroll, seier Kristoffersen.

Han tilrår å kjenna etter varme og sjå etter sotmerke, både på støpsel og i sikringsskåp.

– Sjekk der du veit du tek ut mykje straum. Der du har ein varmeomn på 3000 watt for eksempel. Her tek du ut mykje meir straum når det er kaldt enn du gjer når det er normaltemperatur ute. Ei dårleg kontakt der kan føra til varmeutvikling

Dersom du finn spor av varme eller sot, er rådet å trekkja ut støpselet og ikkje bruka apparatet før ein elektrikar har teke ein grundigare sjekk.

Det kanskje viktigaste rådet

Til slutt kjem Svoen med eit siste, viktig råd.

– Sjekk at røykvarslaren din fungerer.

Publisert

08.01.2026, kl. 18.49

Oppdatert

08.01.2026, kl. 18.54