Saka oppsummert
- Framstegspartiet står for 46,4 % av alle spørsmål stilte til regjeringa denne perioden, med åtte av dei ti mest aktive representantane.
- Nykommar Kristian Eilertsen frå Frp er blant dei mest aktive.
- Mindretalsregjeringa gir opposisjonen større høve til å påverka politiske saker og setja dagsorden, meiner enkelte.
- Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum som mest aktiv blant partileiarane.
- Geografiske forskjellar er tydelege, med Troms og Østfold som dei mest aktive fylka.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRKs journalistar før publisering.
Framstegspartiet står for 46,4 prosent av alle spørsmål stilt til regjeringa fram til nyttår.
Det viser ein gjennomgang NRK har gjort av alle spørsmål, både munnlege og skriftlege, som stortingspolitikarane har stilt.
– Det er interessant å sjå kor mange som stiller spørsmål, og kven det er. Det er ikkje så overraskande at Framstegspartiet, som det største opposisjonspartiet, tar leiarskap i å stille kritiske spørsmål til regjeringa.
Det seier førsteamanuensis i samanliknande politikk ved UiT Noregs arktiske universitet, Troy Saghaug Broderstad.
Blant partileiarane er det store forskjellar, der den tidlegare finansministeren frå Innlandet utmerkjer seg.
I løpet av det siste året før stortingsvalet hausten 2025 stilte Frp 807 av totalt 3234 spørsmål. Dette utgjer 25 prosent av alle spørsmål. Frp hadde den gongen 21 representantar, mot 47 nå.
Førsteamanuensis i samanliknande politikk ved UiT Noregs arktiske universitet, Troy Saghaug Broderstad.
Foto: Ida Louise Rostad / NRK
Frp leier an
Det er liten tvil om kva parti som «masar» mest på regjeringa.
Frp har åtte av dei ti øvste plassane, med Frank Sve og Bård Hoksrud på topp med 30 spørsmål kvar. Frps partileiar Sylvi Listhaug står sjølv med seks spørsmål til no.
På delt 4. plass ligg nykommaren Kristian Eilertsen frå Harstad.
– Det er litt artig at eg som fersk representant tronar i toppen av tabellen. Sjølv om det er artig for min eigen del, så er det fordi ein gjer ein jobb for veljarane – dei som har stemt meg inn på Stortinget. Vi i Frp er veldig opptatte av å få fram politikken vår, for meir fridom og tryggleik, seier Eilertsen, som er helsepolitisk talsperson i Frp.
Kristian Eilertsen (Frp) er blant dei mest aktive spørsmålsstillarane på Stortinget.
Foto: Ksenia Novikova / NRK
Broderstad er ikkje overraska over den høge plasseringa av nykommaren.
– Han har eit klart ønske om å markere seg i den nasjonale politikken og dominere dei skriftlege spørsmåla frå Troms-benken.
Kommunikasjonssjef ved Statsministerens kontor, Anne Kristin Hjukse, meiner tilgangen representantane har til å stille spørsmål er ein viktig del av demokratiet.
– Vi har inga samla oversikt over kor mykje tid kvart enkelt departement bruker på dei ulike oppgåvene sine, men svar på spørsmål frå Stortinget har naturleg nok høg prioritet.
Tilgangen stortingsrepresentantane har til å stille spørsmål til regjeringa er ein viktig del av demokratiet, meiner Anne Kristin Hjukse. Her saman med statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) ved eit tidlegare høve.
Foto: William Jobling / NRK
Opnar for politiske løysingar
Kvar veke kan stortingsrepresentantane stille to skriftlege og eitt munnleg spørsmål kvar.
Med åtte munnlege spørsmål er Eilertsen den mest aktive til å ta opp saker munnleg i Stortinget, og fjerdeplass når skriftlege spørsmål er medrekna.
– Moglegheita vår til å sette dagsordenen i Stortinget er gjennom spørsmål, både munnleg og skriftleg. Nå har vi ei relativt svak mindretalsregjering, som gjer at det vi tar opp vil ha meir å seie enn før.
Broderstad er ikkje i tvil om at dagens mindretalsregjering, som er blant dei svakaste i historia, opnar for samarbeid utover budsjettsemja.
– Da er det viktig for Frp å markere sin posisjon og sette dagsordenen, slik at ein kan prøve å finne eit fleirtal i enkeltsaker som går på tvers av dei tradisjonelle skiljelinjene.
Han påpeikar at Arbeidarpartiet særleg har gjort ein «ganske stor endring» i sin måte å omtale innvandring på.
– Dei flyttar innvandringspolitikken sin mot høgre, på same måte som vi har sett i Danmark, Storbritannia og Sverige. Da er det naturleg at Framstegspartiet markerer sin posisjon, slik at dei kan vise kor moglegheitene er for å danne eit kompromiss som går til høgre i staden for til venstre.
Jonas Gahr Støre (Ap) og regjeringa ser meir til høgre i omtalen av innvandring. Da er det naturleg at Frp og Sylvi Listhaug viser kor dei står, meiner Troy Broderstad.
Foto: Truls Skram Lerø / NRK
KrF i botn
Nedst på lista ligg Harry Valderhaug i KrF frå Møre og Romsdal.
Han er den einaste som til nå ikkje har stilt spørsmål.
– Dei første månadene har eg jobba med å komme meg inn i rolla på Stortinget, seier han.
Sjølv har den mangeårige Giske-ordføraren vore opptatt av å sette seg godt inn i sakene, framfor å stille mange spørsmål.
Broderstad er likevel ikkje i tvil om at spørsmål bidrar til langt meir enn berre auka synlegheit og merksemd blant veljarane.
– Det handlar for representantane også om å dokumentere at dei bidrar til å prøve å styre dagsordenen, eller i alle fall bidrar til diskusjonen som går føre seg på Stortinget, seier han.
Harry Valderhaug (KrF) forsikrar veljarane om at det vil komme spørsmål også frå han.
Foto: Tore Ellingseter / NRK
Store forskjellar
Blant partileiarane er Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på topp med elleve spørsmål. Tett følgt av Guri Melby (V) og Arild Hermstad (MDG) med ti spørsmål kvar.
Nedst ligg avtroppande partileiar Erna Solberg (H) med tre spørsmål. Alle kom i den munnlege spørjetimen 12. november.
– Dei siste par åra har det vore eit veldig viktig prosjekt for Erna å legge grunnlaget for eit generasjonsskifte i Høgre, blant anna gjennom å gi plass og rom til andre talspersonar, skriv kommunikasjonssjef i Høgre, Cato Husabø Fossen, i ein e-post til NRK.
Fossen påpeikar at Solberg er med på ei rekke andre arenaer i Stortinget.
KrF-leiar Dag-Inge Ulstein sit ikkje på Stortinget i denne perioden.
Geografiske forskjellar
Det er ikkje berre blant representantane og partia aktiviteten varierer. Dei geografiske forskjellane er markante.
Øvst ligg Troms og Østfold, tett følgt av Oppland og Telemark.
– Spørsmåla er eit viktig arbeidsverktøy for å få sett saker på den politiske dagsordenen, seier Finn Krokeide i Frp frå Gjøvik.
– Eg bruker mine spørsmål aktivt for å løfte saker som er viktige for Oppland og Innlandet.
Finn Krokeide (til venstre) meiner det er eit sunt teikn at det blir godt stilt med spørsmål frå Opplands representantar. Her saman med Lars Rem etter nominasjonsmøtet i partiet i 2024.
Foto: Fremskrittspartiet
Publisert
09.01.2026, kl. 14.39
Oppdatert
09.01.2026, kl. 14.59