Fredag ettermiddag vandra fleire rundt ute på isen på Lille Lungegårdsvann. Ved vatnet står fleire skilt med teksten «Isen er ikke trygg».

Trine Jordal i Bymiljøetaten seier til NRK at isen på Lille Lungegårdsvann aldri blir farbar. Bergen kommune driv ikkje lenger med ismålingar, men ved dette vatnet set dei alltid opp skilt likevel.

– Det er for mykje saltvatn og for mykje bevegelse. Det er eit vatn som aldri vil bli merka som trygt, fordi det er så ustabilt.

Ho peikar på at dei ikkje har myndigheit til å stoppa folk frå å gå ut på vatnet.

– Folk må ta ansvar for sin eigen sikkerheit. Eg håpar at dei som går utpå der veit kva dei driv med og har med seg utstyr i tilfelle dei skulle vera uheldige.

Ho oppmodar folk som vil ferdast på islagde vatn om å lesa seg opp og måla isen sjølv.

Også Stian Kvam i Bergen brannvesen advarar mot å gå på isen.

– Me anbefalar ingen å gå på isen på Lille Lungegårdsvann, seier han.