Det set vi stor pris på. Samstundes listar han opp såkalla mindre prosjekt – ny avkøyrsle til Alti ved Rygh-huset, ny Osbru, utbetring av krysset ved flyplassen og utbygginga av E39 gjennom Liadal.
Har vi sett dette handlingsmønsteret før? Ja, vi kjenner det frå striden om ny Morkabru og opprusting av Kyrkjegata: Bebuarane prioriterte fordeling av trafikken på Håkonsgata, Kyrkjegata med forsterking av Morkabrua og Strandgata. Primært ville vi ha E39 ut av sentrum, men handelsstanden nekta. Vegsjef Myhre og hjelparen Solbjørg prøvde å regulere E39 etter veglova og ikkje etter bygningslova slik at bebuarane ikkje ville få rett til å uttale seg i saka. Vi klaga til departement som i brev til vegsjef Myhre skreiv at ny riksveg skulle planleggast i nært samarbeid med bebuarane i området! Kva fekk vi? Ny stor Morkabru og fleire forslag der sjølina var den minst dårlege og vart vedteken av kommunestyret. Vårt forslag til fordeling av trafikken vart ikkje handsama av vegvesenet i det heile. Og det nære samarbeidet med bebuarane som departementet påla vegvesenet viste seg å bli svært fjernt – vi vart ikkje kalla inn til eit einaste møte! Kommunen følgde ikkje opp saka om sjølina. Og etter ei tid fekk vi ei omfattande opprusting av Kyrkjegata utforma med tanke på trafikkflyten og med grønt nettinggjerde som dei einaste støyskjerming. Seinare har vi fått ein dramatisk auke i støyande tungtrafikk gjennom Ørsta sentrum med tre ferjeavgangar i timen på Festøya.
Striden om Morkabrua sto på 1980-talet. Dei mange mindre utbetringane viser seg å binde opp kapital og føre til at problema med E39 i tettbygde strøk blir forlenga og dermed at Ørstafjordkryssinga har blitt skubba ut i tid. – no i meir enn 40 år! Dei «mindre» tiltaka i Liadal og dei nye varsla tiltaka for trafikkflyt i Ørsta sentrum vil derfor ha same verknad som ny Morkabru og opprusting av Kyrkjegata har hatt – Ørstafjordkryssinga blir effektivt utsett! Vi har i ein tidlegare artikkel skrive at Ørsta kommune stadig går på vegvesenet sin limpinne.
Vedtaket om Ørstafjordkryssinga saman med Voldatunellen må kome først som eit felles prosjekt Det må vere utgangspunktet for utforming av tiltak og strategiar for å få Ørstafjordkryssinga inn på den komande utgåva av nasjonal transportplan. Kan vi no rekne med at politikarane tar nye grep og straks startar ei langt meir intensiv satsing på Ørstafjordkryssinga heller enn dei mange mindre tiltaka?