Ein bustad er fullstendig overtent og brenn ned til grunnen i Guddal i Fjaler kommune.
Også garasjen brenn. I 16-tida er det meld om kontroll på garasjebrannen. Det var tidleg klart at det er spreiingsfare til andre bygg på gardstunet.

Slik såg det ut i 16-tida.
Foto: Ole Johannes Øvretveit
– Vi sender ut mannskap frå Sande stasjon og frå Dale. Det er mykje ressursar på veg. Bustadhuset er overtent, og det har begynt å spreie seg til andre nærliggande bygg, fortel operasjonsleiar i 110 Vest, Stian Kvam, til Firda like etter at alarmen gjekk.
Ti minutt seinare, kl. 15.38, er brannvesenet framme på staden. Det skal vere om lag ein halvtime etter at meldinga kom til alarmsentralen. Dei begynte straks arbeidet med å hindre spreiing til andre bygg på garden.

Foto: Ole Johannes Øvretveit
Det er ein fjøs med sauer på gardstunet, men fjøsen er så langt ikkje råka av brannen.
– Brannvesen på staden ser god effekt av sløkkearbeidet, melder Kvam kl. 16.09.

Her, kl. 16.10, hadde brannvesenet tømd ein tankbil med 14.000 liter vatn. Ein til er på veg, får Firda opplyst.
Foto: Ole Johannes Øvretveit
Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit, opplyser at dei har vore i kontakt med huseigar. Det skal ikkje vere personar i bustaden.
– Fjøsen er førebels ikkje i fare for å bli ramma av brannen. Sauane er framleis i bygningen, melder Kolltveit kl. 15.50.

Mannskap frå Sande brannstasjon og Fjaler brannvesen arbeider med sløkkinga. Bustaden var overtent då dei kom fram, men dei fekk sløkt brannen i garasjen.
Foto: Ole Johannes Øvretveit
Det går føre seg sløkking av brannen i garasjen, der mellom anna bubil og traktor er.
– Det vesle som er igjen av bustaden brenn kontrollert ned.
Det skal vere eit familiemedlem til huseigar på staden.
Det er ukjend kva som er årsaka til hendinga så langt, melder Kolltveit.
Det var folk i området som melde ifrå om brannen.

Les også
Var først på staden: Lukkast med slagplanen