– Dette er veldig spesielt. Det er ein av dei dårlegaste jaktstartane eg har sett på år og dag, seier NRKs ekspert Ola Lunde.
Martin Uldal leia rennet i Oberhof tett etterfølgt av Isak Leknes Frey og Johannes Dale-Skjevdal.
Men då dei norske bomma på siste skyting, slo Tommaso Giacomel til. Italienaren vann jaktstarten, trass i at også han måtte besøke strafferunden fleire gonger.
– Giacomel klarer å vinne dette med seks rundar. Det er lenge sidan nokon har klart å vinne med seks rundar på ein jaktstart, seier Lunde.
Ikkje sidan 2001 har ein mann vunne ein jaktstart med så mange bom, som på laurdag.
PALLEN: Italienske Tommaso Giacomel vann, framfor Martin Uldal. Svenske Sebastian Samuelsson tok tredjeplassen.
Foto: Hendrik Schmidt / AP / NTB
«Flautt»
Johannes Dale-Skjevdal, som sjølv hadde fem bom, kan ikkje huske sist gong skytinga var så dårleg.
– Tommy (Giacomel) vinn vel med seks bom. Det er ikkje daglegdags, seier Dale-Skjevdal før Uldal hiv seg på.
– Seks bom ja. Det er flautt. Me får snu det her, seier Uldal til NRK etter rennet.
SMELL: Martin Uldal bomma tre på siste ståande.
Foto: Hendrik Schmidt / AP / NTB
Ola Lunde si vurdering av nivået på jaktstarten får støtte frå svenske Sebastian Samuelsson.
– Eg er einig. Det var veldig dårleg nivå. Men samtidig, om det er dei beste i verda som er her, og alle bommar, så må det ha vore vanskeleg. Eg har eigenleg ikkje noko godt svar. Det var dårleg, seier svensken.
Sigrar med 16 treff eller mindre tilbake sidan 2001
Sist ein utøvar med seks bom eller meir vann ein jaktstart for menn i verdscupen, VM eller OL var i 2001. Her er sigrar for menn på jaktstart med 16 treff eller mindre tilbake til 2001:
- Johannes Thingnes Bø: 16 treff, Nove Mesto 22. desember 2018
- Martin Fourcade: 16 treff, Östersund 7. desember 2014
- Johannes Thingnes Bø: 15 treff Kontiolahti 16. mars 2014
- Martin Fourcade: 16 treff, Ruhpolding 4. mars 2012
- Ole Einar Bjørndalen: 16 treff, Pyeongchang 15. februar 2009
- Ole Einar Bjørndalen: 15 treff, Hochfilzen 8. desember 2007
- Ole Einar Bjørndalen: 16 treff, Östersund 3. desember 2006
- Ole Einar Bjørndalen: 16 treff, Holmenkollen 25. mars 2006
- Ole Einar Bjørndalen: 16 treff, Khanty-Mansjisk 17. mars 2005
- Ole Einar Bjørndalen: 16 treff, Kontiolahti 7. desember 2003
- Ole Einar Bjørndalen: 13 treff, Hochfilzen 9. desember 2001
Skjønar ikkje kvifor
Fleire av utøvarane stiller spørsmål ved årsaka til den låge treffprosenten.
– Eg synest det er litt vanskeleg å seie. Det var ikkje så vanskelege forhold i dag. Det er totalen som gjer det litt vanskeleg. Det er kaldt, litt snø og vind, seier Dale-Skjevdal.
Også Uldal er einig.
– Det var ikkje så vanskeleg der ute. Så eg er overraska, seier Uldal.
UNDRAR: Johannes Dale-Skjevdal undrar over den låge treffprosenten.
Foto: TOBIAS SCHWARZ / AFP / NTB
– Eg synest ikkje det var så vanskeleg eigentleg. Det var ikkje så krevjande at det skal bli bomma så mykje, nei, seier Isak Leknes Frey.
Frey sette sjølv 18 skot og kjempa om sigeren på slutten. Han gjekk ut av siste skyting som nummer fire, men hamna til slutt på ein 12. plass.
– Det er godt spørsmål. Vinden var litt vanskeleg, men det var mogleg å skyte betre. Så eg trur berre vi må skjerpe oss til neste gang, seier den franske stjerna Éric Perrot.
12. PLASS: Isak Leknes Frey gjekk ut som fjerdemann ut av siste skyting, men tok til slutt ein 12. plass.
Foto: OLIVIER CHASSIGNOLE / AFP / NTB
«Merkeleg»
– Det blæs litt, men det blæs like fort mykje mellom øyra på somme, seier landslagssjef Per Arne Botnan til NRK.
Han har heller ikkje noko god forklaring på kvifor det blei bomma mykje.
– Det er stabilt gode skyttarar, som på ein serie skyt tre bom, og null på neste. Det er merkeleg, legg han til.
– Kan du hugse noko liknande?
– Ikkje på ståande fot. Men Siegfried (Mazet) sa det i går på møtet. Med 17 treff kan du vinne. Me visste det ville bli ein tøff start, forklarar Botnan.
IKKJE TATT UT: Martin Uldal kjempar om ein OL-plass
Foto: TOBIAS SCHWARZ / AFP / NTB
Kjempar om OL-plassane
Martin Uldal og Isak Leknes Frey, er blant utøvarane som kjempar om å få gå OL i februar.
TV2s ekspert Ole Einar Bjørndalen meiner Uldal bør få ein plass til meisterskapet i Italia.
– Eg tar han ut no eg. Viss han ikkje har noko i gjere i OL, så skjønar eg ingenting, sa Bjørndalen før siste skyting.
Tidlegare denne veka blei det klart at skiskyttarane Maren Kirkeeide, Karoline Knotten, Johan-Olav Botn, Vetle Sjåstad Christiansen, Johannes Dale-Skjevdal og Sturla Holm Lægreid er klare for OL.
For Uldal er situasjonen framleis uavklart.
– Hadde eg hatt lov til å ta han ut sjølv, så kunne eg sikkert gjort det. Me skal gje ei innstilling, og han ligg godt an til å få ein OL-billett, seier landslagssjefen.
– Så det kjem til å kome ei innstilling med Martin Uldal som mann nummer fem i troppen?
– Det blir dumt av meg å seie at det ikkje kjem til å gjere det. han har prestasjonar på så høgt nivå at eg tippar Olympiatoppen også ser at han må me ha med oss til OL, legg Botnan til.
Publisert
10.01.2026, kl. 12.52
Oppdatert
10.01.2026, kl. 16.00