Nok ein gong får Ruter kritikk for manglande tilrettelegging i vinterkulda.
– Det er ikkje nytt at det snør og blir kuldegrader på vinteren i Noreg, og eg meiner at rampene må fungere på dagar med minusgrader også.
Det seier sosialpolitisk talsperson i Oslo Arbeidarparti, Jon Reidar Øyan.
Tysdag denne veka skreiv NRK ei sak om Amir Hashini som sit i rullestol.
Han seier at rullestolrampene på bussane i Oslo frys fast nesten dagleg på denne tida av året.
Det skapar problem for han som reisande, og for medpassasjerar som må vente.
Videoen om Amir som ikke kommer seg på bussen har skapt stort engasjement. Den er sett av over 25 millionar menneske.
Løysingar på lang sikt
Jon Reidar Øyan meiner det må vere mogleg å finne løysingar som får rullestolrampene til å fungere også når det er vinter og kulde.
– Det er latterleg når Ruter sitt forslag er at dei oppfordrar folk til å banke av seg på beina når dei skal inn på bussen.
Jon Reidar Øyan i Oslo Arbeidarparti meiner det må vere mogleg å tilby alternativ transport dersom bussrampa ikkje fungerer.
Foto: Hallgeir Braastad / NRK
Øyan fortel om ei ny lov som tredde i kraft 1. januar i år.
Der blir det understreka kor viktig det er å leggje til rette for menneske med nedsett funksjonsevne.
– Å delta i samfunnet er ein menneskerett, seier han.
Politikaren meiner også at byråden og Ruter må finne ut korleis dei skal følgje opp den nye lova.
Slik ser rampa ut når den er tatt ut.
Foto: Julie Helene Günther / NRK
– Løysingar bør kome, og dei bør kome no.
Øyan stiller spørsmål om det er mogleg å tilby alternativ transport til folk som sit i rullestol dersom rampa ikkje fungerer.
Inga enkel løysing
Midlertidig byråd for miljø og samferdsel i Oslo Haakon Riekeles (V) seier han er einig i at tilbodet ikkje er bra nok på vinteren.
– Kollektivtransporten i Oslo skal vere for absolutt alle, og det er på ingen måte dei som nyttar rullestol sin feil at bussen blir forsinka.
Riekeles fortel at han skal ta kontakt med Ruter og be dei sjå på problemet på nytt.
– Dette problemet har ein hatt i mange år. Kor mange førespurnader tenkjer du at de skal sende for at noko skal skje?
– Det er ei krevjande problemstilling. Ting frys til. Vi er i eit vinterklima. Det er ikkje openbert kva som er løysinga, men vi skal snu kvar stein, svarar Riekeles.
Haakon Riekeles (V) ynskjer at alle skal kunne stole på kollektivtilbodet.
Foto: Hallgeir Braastad / NRK
Fungerande rullestolramper bør vurderast som eit krav neste gong Oslo skal få nye bussar, ifølge Riekeles.
– Dersom det handlar om å vente på nye bussar med nye løysingar, kva skal då Amir gjere i mellomtida?
– Eg meiner ikkje at Amir skal vente på nye bussar. Han skal kunne stole på at kollektivtilbodet også er for han.
– Men no kan han ikkje det. Kva skjer då?
– Når tekniske problem gjer det umogleg for enkeltpassasjerar å ta bussen, skal Ruter likevel hjelpe deg fram dit du skal.
Riekeles er svært uroleg for at dette er eit problem som skjer igjen, og forventar at det har høg prioritet hos Ruter å finne varige løysingar.
Publisert
10.01.2026, kl. 13.37
Oppdatert
10.01.2026, kl. 13.41