Klokka 11.00 vart det meldt om ei trafikkulukke på Rv5 ved Stølen på Kjørnes i Sogndal.
– Ein bil med to personar har snurra og hamna i grøfta. Involverte personar er vakne og bevisste, opplyser operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen ved Vest politidistrikt.
Det skal vera veldig glatt på staden.
Klokka 11.19 melder politiet at patruljen er framme.
– Dei to personane verkar å vera uskadde, men eit barn har smerter i ein arm, opplyser Dahl-Michelsen.
Bilen og eit skilt har fått materielle skader.
Det er passasje forbi staden i eit køyrefelt og bilbergar er rekvirert.
Årsaka til ulukka skal vera glatt veg.
– Førar har fått sleng på bilen på glatta og hamna i grøfta.
Klokka 11.56 blir det meldt om at bilen er fjerna og at vegen er opna.
– Førar og passasjer er køyrde til lokal legevakt. Vegvesenet er varsla og det blir strødd på staden, melder Dahl-Michelsen.
Patruljen oppretter sak.