– Det vi er mest redde for er at straumen skal forsvinne over lengre tid.

Ordføraren i Stranda, Einar Arve Nordang (H), har fullt fokus på kva utfordringar kommunen hans står overfor i 2026. Det handlar om beredskap.

Kommunane og næringslivet har fått klar beskjed: Dei må vere førebudd på å handtere kriser i ei verd med stor uro, aukande konfliktnivå og fare for krig.

Det kan innebere at funksjonar som ein er heilt avhengig av, og som vi tar for gitt, kan bli sett ut av spel. Datatryggleik er eitt eksempel. Tilgang på straum eit anna.

Situasjonen er ein heilt annan no enn for fem år sidan. For ikkje å snakke om ti eller femten år sidan. No øver kommunane på beredskap.

– Tema for øvinga i fjor var bortfall av straum i fire veker. Så fann vi ut at vi har jo aggregat på omsorgssenteret. Men kor mykje diesel har vi på desse aggregata då, var det nokon som spurde. Nei, det var det ingen som visste. Så vi har jo manglar i beredskapen vår, seier Nordang.

En person står på fortauet og gestikulerer med hånden. Han har på seg en brun genser over en skjorte. Bakgrunnen viser biler parkert langs en vei og bygninger i nærheten. Det er snø og is på bakken, noe som indikerer vinterforhold.

Ordføraren i Stranda, Einar Arve Nordang (H) seier bortfall av straum er det han er mest redd for.

Foto: Remi Sagen / NRK

Felles kriseforståing

Russland sin invasjon i Ukraina og krigen på Gaza har endra situasjonen i verda. Det har skapt uro og krigsfrykt.

Med USA sine angrep å Venezuela og bortføring av presidenten i landet, og ikkje minst truslane om å annektere Grønland, har konfliktnivået auka ytterlegare.

Statsforvaltar Else May Botten har brukt mykje tid på å skape ei felles kriseforståing i kommunane. 22 av 27 kommunar i Møre og Romsdal har no oppretta beredskapsråd.

Det handlar om vite kva ein skal gjere dersom det blir ein unntakstilstand, angrep på viktig infrastruktur eller i verste fall: krig.

Men det handlar også om vere førebudd på flaum, store ras og orkanar som gjer stor skade.

Oversikt over kapasitet og ressursar

Det er viktig å øve og det er viktig å ha gode planar og analysar, seier Else May Botten. Ho meiner at kommunane er godt i gang med dette arbeidet. Og det blir meir i 2026.

– Vi må ha oversikt over kva kapasitet og ressursar vi har når vi kjem i ein situasjon der vi treng den oversikta.

Else-May Botten ser på reporteren ved sidan av kameraet.

Statsforvalteren i Møre og Romsdal, Else May Botten, meiner det er viktig å ha ei felles forståing av situasjonen.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Kommunedirektøren i Fjord kommune, Bjørn Inge Ruset, har bakgrunn frå det militære.

Kommunen skal no mellom anna øve på korleis ein skal handtere militære truslar mot landet der det kan bli snakk om evakuering.

Men Ruset er opptatt av å ha ei balansert forståing slik at ein ikkje spreier for mykje frykt.

– Eg trur vi er i stand til å skape gode system og gode modellar som gjer at vi skal kunne møte desse utfordringane på ein god måte.

– Er det fare for krig?

– Eg meiner vi må førebu oss på krig så godt som råd. Det er den beste medisinen å unngå krig på.

Kommunedirektør Bjørn Inge Ruset i Fjord, ordfører i Stranda Einar Arve Nordang (H) og statsforvalteren i Møre og Romsdal, Else May Botten.

Kommunedirektør Bjørn Inge Ruset i Fjord, ordførar i Stranda Einar Arve Nordang (H) og statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Else May Botten.

Foto: Trond Vestre / NRK

Publisert

11.01.2026, kl. 10.54

Oppdatert

11.01.2026, kl. 11.00