Med utgangspunktet i den økonomiske situasjonen Stad kommune er i og pågåande innsparingsprosessar, har underteikna, fleire gonger, forsøkt å få ut informasjon rundt drifta av Operahuset. Hittil utan å ha lukkast.
Eg er ingen kulturmotstandar, tvert imot. Har bak meg eit par ti-år med frivillig kulturarbeid i Selje, og ser verdien av det aktiviteten i Operahuset tilfører distriktet, særleg i nærmiljøet rundt Eid. Men til kva pris, og kven betalar gildet?
Rettferd og openheit er drivkrafta for mitt engasjement i denne saka, og målet er at det kan skapast betre tillit mellom kommuneleiing, politikarar og innbyggjarane i den krevjande omstruktureringsprosessen som går. Det trengst! Å bli kalla operahatar og kulturmotstandar syner nivået på ordskiftet som går i det opne rom. Det understrekar og kvifor det er nødvendig med full offentlegheit rundt dei reelle kostnadane med drift av Operahuset.
Når kultursjefen, med utgangspunkt i besøkstala for 2025, no er ute og fortel om enno eit vellukka år for Operahuset, er det nærliggjande å be om at den reelle økonomiske stoda til denne institusjonen pr. 31.12.25 vert lagt fram. Dette med utgangspunkt i tidlegare stilte spørsmål som enno ikkje er gjort greie for:
Kor mykje Stad kommune direkte og indirekte har støtta aktivitetar rundt Operahuset og Stiftinga Operahuset pr. år i perioden 2019 – 2024 fordelt på:
– Direkte investeringa.
– Direkte driftstilskott.
– Indirekte bidrag som:
-
Administrasjon.
-
Vedlikehald.
-
Reinhold.
-
Strøm/oppvarming mm.
-
Støtte til arrangement.
– Skjult subsidiering som:
-
Kommunale leigeforhold i bygget med opplysning om kva aktivitet, kvifor, kostnader og alternative løysinga.
-
Arbeid utført av kommunalt lønna personell til drift og arrangement.
– Investeringa og oppgraderinga i bygg og anlegg betalt av Stad kommune.
Med utgangspunkt i dette, er det og ønskjeleg at den eigentlege økonomien til den omtala aktiviteten i 2025 vert opplyst. Kva er reelle billettinntekter, driftskostnadar og eventuell inntektsfordeling mellom deltakande partar? Ei liknande oversikt for dei 64 arrangement utan billettsal er og ønskjeleg.
Dessutan, det vil og være svært interessant å få opplyst kva postadressa til alle dei nærmare 18 tusen besøkjande i 2025 er.
Kultursjefen er og ute i Fjordabladet med informasjon om innsparingsprosessen som har råka kulturavdelinga i Stad. Opplysningane som kom fram var vanskeleg å forstå. Difor er det ynskjeleg med avklaring på også fylgjande spørsmål:
-
Kor stort er det totale kulturbudsjettet, og kva går pengane til?
-
Kor store innsparingar innan kultursektoren er tekne/vil finne stad, fordelt på Selje og Eid?
-
I Selje er 1,4 stillingar allereie borte. Kor mange årsverk er kultursektoren på Eid redusert med?
-
Kor store kostnader utgjer det redusert teknisk vedlikehaldet i Operahuset, og kva vil det bety for etterslep og ekstra framtidige kostnadar?
-
Kor stort beløp, og kvar vert pengane som kjem frå Riksantikvaren gjennom Vestland fylkeskommune til opprusting av Selja kloster og helgenanlegg brukte?
Forventar at kultursjefen gjev gode forklaringar på spørsmåla som er stilte over, då det er mange som vil vite.