Det gjekk eit snøskred ved Merkingsgjølet i Lodalen måndag morgon.

Jan Ove Hogrenning i Lodalen rydda skredet i løpet av ein times tid. Han trur det kan kome fleire skred:

– Det er lite snø i høgda, men mykje vind som gir mykje fokksnø. Så eg ser ikkje vekk frå fleire skred.

Vegen vil vere open mellom klokka 10 og 17 måndag for så å bli preventivt stengt mellom 17 måndag og 09 tysdag, skriv Statens vegvesen på sine nettsider.

Også i Oldedalen har det vore snøskred.

– På Oldedalsvegen har det vore utslag på skredradaren, men skredet har ikkje nådd ned til vegen. Her blir trafikken leia gjennom røyrtunnelen, opplyser byggeleiar for vedlikehald, drift og beredskap/infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune, Jon Roger Falkevik Nygård, til Fjordingen.