Måndag føremiddag sender meteorologane ut eit nytt farevarsel, denne gongen for is.

Det er lokalt fare for is på grunn av regn som frys på kald bakke og overgang til mildvêr.

– I høgda og enkelte stader i indre strok vil nedbøren koma fyrst som sludd og snø. Faren minkar fyrst i ytre strok, står det i meldinga.

Dette fører til at det lokalt kan verta vanskelege køyreforhold.

– Rekn med ekstra tid til transport og køyring. Bruk riktige dekk og køyr etter forholda, oppmodar meteorologane.

Dei åtvarar mot både våt is i vegbanen, og hålkeføre.

Vakthavande meteorolog Leonidas Tsopouridis fortel at for Voss vert vêret varierande framover.

Gradene framover vil nemleg variera mellom å vera på minus- og plussida. I tillegg vert det nedbør.

– Isvarselet som er sendt ut vil for Voss gjelda mest i morgon og onsdag, fortel Tsopouridis.

– I morgon er det venta ein ny runde med nedbør i løpet av dagen. Som i dag kjem det nok fyrst som snø, men så vert det gradvis overgang til plussgrader.

Frå før av det farevarsel for både kraftige vindkast og betydeleg snøskredfare.

– For Voss sin del blæs det ikkje så mykje, meir på fjella kring Voss.