Den sterke vinden og det gule farevarselet skaper utfordringar, seier trafikkoperatør Rolf Einar Vågheim til NRK måndag morgon.
Også i lufta var det problem:
På Sola lufthamn i Stavanger sto all flytrafikk grunna sterk vind.
Ved 14-tida har trafikken begynt å normalisere seg, ifølgje pressevakt Anette Sigmundstad i Avinor.
– Men det er framleis litt for mykje vind til at vi kan avise flya på bakken, seier Sigmundstad.
Flytrafikken på Sola er nede for teljing. Det påverkar dei reisande.
Foto: Ingvald Nordmark / NRK
Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for is.
Lokalt er det fare for at regn vil fryse til på kald bakke, noko som kan føre til vanskelege køyreforhold.
I høgda og i indre strøk vil nedbøren kome først som sludd og snø.
Den verste kulda har gitt seg, men med mildare vêr kjem andre utfordringar … nemleg glatte vegar. Farevarselet for is gjeld frå no og fram til klokka 11. på onsdag.
Foto: Meteorologisk institutt
Den kraftige vinden kombinert med litt snø, fører til betydeleg snøskredfare i Voss og i Hardanger. Det melder varsom.no.
Vinden vil halde fram utover dagen
Det er frå før sendt ut gult farevarsel om sterk vind.
Statsmeteorolog Leonidas Tsopouridis seier den sterke vinden vil halde fram.
– No bles det opp i søraustleg liten storm på kysten, full storm utsette stader i fjellet. I fjellområde i indre strøk er det stader som får over 30 meter i sekundet, seier han.
Mellom anna bles det 28–30 meter i sekundet på Kråkenes og Ytterøyane fyr.
– Og det vil halde fram med å blåse utover dagen, til det roar seg i ettermiddag, seier Tsopouridis.
Men utover kvelden vil vinden ta seg opp att med sterk kuling utsette stader.
Mellom anna blei det på Folgefonna i natt målt orkan i kasta med over 50 m/s, melder Hardanger Folkeblad.
Fjellovergangar råka, bruer i fare for å stenge
Hardangerbrua og Sotrabrua i fare for å stenge på morgonkvisten grunna sterk vind.
Sotrabrua utanfor Bergen står i fare for å stenge måndag morgon grunna sterk vind.
Foto: Webkamera Statens vegvesen
På Hardangerbrua rv. 13 i Ulvik/Eidfjord er det no stiv kuling med sterk kuling i kasta.
Fleire fjellovergangar er råka av vêret.
- Rv. 13 Vikafjellet er dett opna for kolonnekøyring frå Storhaug frå 12.30.
- Fv. 50 Hol – Aurland var stengt, men no er det kolonnekøyring her. Den går frå Nilsegard til Øyestølen.
- Over E134 Haukelifjell er det kolonnekøyring. Det går frå Røldal til Seljestad.
- Riksveg 7 Hardangervidda ved Hol/Eidfjord: Kolonnekøyring.
Slik ser det ut på Hardangervidda måndag ettermiddag. Om du skal over her, må du køyre i kolonne.
Foto: Webkamera Statens vegvesen
- Fv. 5723 Lodalen i Nordfjord var ein periode stengd etter at det gjekk eit snøskred over vegen like før Bødalen. Fare for nye skred gjer at vegen også blir stengd mellom klokka 17 måndag og 09 tysdag morgon.
Foto: Vestland fylkeskommune
- FV. 5623 Bakka, Guddalen: Tre og busker ramla ut i vegen og blokkerte han. Vegen var stengt ein periode, men opna klokka 11.00. Vegen blir stengt att klokka 17.00 i ettermiddag og fram til 09.00 tysdag morgon av preventive grunnar.
Det var også fleire innstilte ferjer på Vestlandet, men ved 15-tida har vinden roa seg.
Slik blir ferjetrafikken råka
- Gjermundshamn – Varaldsøy – Årsnes er innstilt.
- Mortavika – Arsvågen E39 – sambandet. To av tre ferjer innstilt. Den siste går til Hanasand i staden for Mortavika på grunn av uvêret.
- Hjellestad – Klokkarvik – Bjelkarøy- Lerøy: Rundtur med avgang klokka 06:05 frå Klokkarvik er innstilt. Ny vurdering klokka 08:00.
- Hurtigbåten mellom Florø og Måløy går ikkje til kai i Smørhamn på morgonkvisten. Det kan verte forseinkingar.
- Ferjesambandet Stårheim – Isane innstilt. Frå Stårheim gjeld dette avgangen 06:00 og 06:45. Frå Isane 06:20 og 07:05, melder Fjord1.
- Ferjesambandet Kvanndal-Utne: Innstilt inntil vidare.
- Hjelmeland, Nesvik og Skipavik er innstilt inntil vidare.
- Båtane til Utsira, Røvær og Feøy innstilt.
- Ferja mellom Lauvik og Oanes er innstilt.
- Over Boknafjorden er anløpa flytta frå Mortavika til Hanasand på grunn av vêrforholda, noko som medfører lengre reisetid. Avgangane på strekninga er også reduserte. I ei oppdatering klokka 09.08 melder Norled om normal drift frå 08.45 og utover.
- Skal du til eller frå Kvitsøy, må du nytte ferje, då hurtigbåten er tatt ut av drift.
Flytrafikken var råka
Flytrafikken er også råka av vêret.
På Bergen lufthavn Flesland er fleire fly innstilte.
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK
På Flesland var to SAS-avgangar frå Bergen til Stavanger innstilt. Det er også fleire fly som var forsinka. Fleire fly til Bergen er også innstilt, mellom anna tre fly frå Stavanger.
Også på Sogndal lufthamn og i Florø er det fleire forseinkingar og kanselleringar, melder Avinor.
Equinor har meldt om forseinkingar i helikoptertrafikken ut i Nordsjøen grunna utfordrande vêrforhold. Selskapet ber likevel alle passasjerar om å møte opp til vanleg tid.
På grunn av vind og bølgehøgder er dagens turar frå Flesland kansellerte, melder Heliport. Også fleire av turane frå Florø er kansellerte.
Vegtrafikksentralen: – Overraskande
Vinden skal halde på utover dagen, og Vegtrafikksentralen trur det vil kome inn endå fleire meldingar.
Dei ber folk vere ekstra varsame og følge godt med.
– Sjølv om det er plussgrader, kan det framleis vere glatt, minner trafikkoperatør Rolf Einar Vågheim om.
Her kan du sjekke oppdatert status på vegane.
Klokka 11.30 opplyser Leif Helge Fjellro i Vegtrafikksentralen at dei så langt har fått inn lite hendingar.
– Det går overraskande bra på vegane, i alle fall om du ser vekk frå fjellovergangane, seier Fjellro.
Publisert
12.01.2026, kl. 07.10
Oppdatert
12.01.2026, kl. 15.48