Bjørn Sandnes og Jan Inge Johannesen er suspenderte frå Haram Høgre i 12 månader. Det bekreftar Johannesen til NRK.

Dette skjer etter at det måndag kveld blei kalla inn til eit møte i partiet for å diskutere ein eventuell suspensjon.

– Etter møtet i går kjem ikkje dette som ei overrasking. Vi tek avgjerda til etterretning, seier Johannesen.

– Vil du melde deg ut av Høgre etter dette?

– Nei, det har eg ikkje tatt stilling til enno. Det må eg tenke på, seier han.

Sandnes og Johannesen har vore ein del av partiet i ei årrekke. Sandnes har tidlegare vore ordførar i Haram kommune.

Jan Inge Johannesen

Jan Inge Johannesen

Foto: Remi Sagen / NRK

Usemje internt i partiet

Årsaka til at dei blir kasta ut av partiet skal vere at Sandnes og Johannesen har stemt mot resten av Høgre-gruppa i både budsjettsaker og bygging av badebasseng i kommunen.

Bygginga av eit nytt folkebad i Brattvåg har vore omstridd, og det er usemje blant politikarane i kommunen.

Måndag skreiv Haramsnytt at det skal ha vore dårleg stemning i Haram Høgre i det siste kommunestyremøtet før jul.

Dette fordi Sandnes og Johannesen røysta mot sitt eige parti sitt budsjettframlegg. Dei to utgjer halve partigruppa i Haram Høgre.

Partiet har ikkje klart å samle seg om eit budsjettforslag verken i 2024 eller 2025.

Ifølge Johannesen handlar mykje av usemja i partiet om at han og Sandnes har vore ueinige med gruppeleiaren.

Johannesen seier at han stiller seg kritisk til prosessen der dei no har blitt ekskluderte frå partiet.

Tidlegare Haram-ordførar, Bjørn Sandnes, er heller ikkje overraska over utestenginga, men likar det ikkje.

– Det er veldig kjedeleg for partiet vårt at det skal oppstå ein slik situasjon. Vi kunne kanskje klart å løyse dette på ein annan måte, om vi tok oss litt betre tid og snakka litt meir saman, men det blei det ikkje gitt anledning til, dessverre.

Kathrine Pernille Beite, gruppeleiar i Haram Høgre, seier dette om utestenginga:

– Sandnes og Johannesen er suspenderte på grunn av brot på Høgre sine reglement og etiske retningslinjer. Utover det har eg ingen kommentar, seier ho til NRK.

Kathrine Pernille Beite fra Høyre i kommunestyremøtet i Haram oktober 2023.

Kathrine Pernille Beite er gruppeleiar i Haram Høgre (arkivbilde).

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eit verkemiddel

Valforskar Bjarte Folkestad ved Høgskulen i Volda seier at suspensjonar ikkje nødvendigvis er uvanleg i lokalpolitikken, men at det ikkje er noko som skjer ofte.

– For eit parti som Høgre er det mindre vanleg at ein tyr til eksklusjonar og suspensjonar, som i dette tilfellet. Dei fleste partia har slike verktøy, men det skal ganske mykje til før ein nyttar seg av dei, seier han.

Vidare seier Folkestad at partia må bruke sine verkemiddel for å få gjennomslag for politikken sin.

– Om det viser seg at det har vore stor usemje eller dårleg samarbeidsklima over lengre tid, så er dette eit grep ein kan bruke. Dei to som no blir suspenderte vil framleis vere medlemmar av kommunestyret, men dei kjem ikkje til å representere Høgre.

Bjarte Folkestad er valgforsker ved Høgskulen i Volda. Her står han inne på kontoret sitt. Han har brunt hår og skjeggvekst. Han ser til høyre for kameraet og har hendene krysset over magen.

Valforskar Bjarte Folkestad ved Høgskulen i Volda.

Foto: Øyvind Sandnes

Blir uavhengige

Sandnes og Johannesen kjem framleis til å møte i kommunestyret, men kjem no til å møte som uavhengige representantar.

– No blir vi jo fristilte og får utøve den politikken vi ønskjer, seier Johannesen.

– Kven kjem de til å samarbeide med?

– Vi vil søke å samarbeide på tvers av partigrenser og prøve å få til det beste for kommunen, seier Johannesen.

Sandnes og Johannesen kan anke avgjerda. Dei opplyser at dei vil bruke dei neste dagane på å vurdere ein eventuell anke.

– Vi skal snakke godt saman om dette, og ta med oss råd frå andre også, seier Sandnes.

Bjørn Sandnes

Bjørn Sandnes har tidlegare vore ordførar i Haram kommune.

Foto: Remi Sagen / NRK

Publisert

13.01.2026, kl. 11.16

Oppdatert

13.01.2026, kl. 14.29