Klokka 00:24 natt til onsdag melder Vest politidistrikt at naudetatane rykker ut til Nordfjordeid etter melding om røykutvikling i ein båt.

– Naudetatane er på veg etter melding om røykutvikling frå ein båt som ligg til kai, opplyser operasjonsleiar Bjarte Rebnord.

Røykutviklinga skal kome frå ein oljefyr, opplyser politiet.

Operasjonsleiaren fortel at det skal vere snakk om ein 35 fots båt i Småbåthamna på Nordfjordeid.

– Per no er det ingen opne flammar, men det er høg temperatur, og brannvesenet er på staden og jobbar med å få ned temperaturen, seier han.

Ifølge politiet skal det ha vore ein person i båten, og ein som kom til.

Dei blei seinare frakta vekk med ambulanse.

Klokka 01.32 melde politiet at brannvesenet hadde fått ut røyken og avslutta oppdraget.