167 tunge køyretøy og fleire varebilar var innom på kontrollplassen på Håbakken i Lærdal for veging og vurdering tysdag ettermiddag og kveld.
Nokre vart plukka ut til utvida kontroll og kontrollørane frå Statens vegvesen melder om at det var mykje som var i orden, men slett ikkje alt. Noko som fekk konsekvensar for dei involverte.
- Eit vogntog hadde teknisk overlast, og fekk bruksforbod og pålegg om omlasting før vidare transport.
- Eit vogntog hadde teknisk mangel på parkeringsbrems.
- Ein førar av vogntog fekk åtvaring for mindre brot på regelverket om køyre- og kviletid.
Så var det han som kom ut med fem feil i loggen.
Han vart først meld til politiet for manglande bruk av sjåførkort i fartsskrivar. Her vart det også straff til transportføretaket han arbeidde for. Det vart meldt til politiet for manglande kalibrering av fartsskrivaren i lastebilen.
Det same transportføretaket mangla også godstransportløyve, og fekk eit gebyr på kr 60.000 kroner for dette.
Vidare mangla lastebilen gyldig obligatorisk bombrikkeavtale, og transportføretaket fekk gebyr på kr 8.000 kroner for dette.
Og som ikkje dette var nok fekk føraren gebyr for manglande medbragte kjettingar.