Snowcastle Games i Oslo seier opp seks tilsette, bekreftar styreleiar Erik Hoftun til Gamer.no.
Grunnen er store økonomiske vanskar over lang tid, som har blitt verre med tida.
Gamer.no skreiv i desember at Snowcastle Games gjekk 10,8 millionar i minus i 2024. Tapet i 2025 er sannsynlegvis endå større.
– Dette er sjølvsagt tungt. Først og fremst for dei det gjeld, men også for dei som blir igjen, som no skal gå vidare utan gode kollegaer, seier Hoftun.
Mistar erfarne utviklarar
I 2023 kutta Snowcastle sju stillingar, skreiv Gamer.no den gongen.
For nokre år sidan var Snowcastle Games med sine 40 medarbeidarar ein av landets største utviklarar. No er dei nede i 18 personar.

Snowcastle Games
– Til no har me vore rigga for ein langt større organisasjon. Me er no «for få til å vere store». Med denne siste nedbemanninga blir mellomleiarnivået derfor borte og me har fått ein enklare og flatare struktur, seier Hoftun.
Denne gongen er det veteranutviklarar som forsvinn ut av selskapet.
– Dei har vore med oss gjennom tjukt og tynt i mange år. Den største utfordringa i dette er å måtte seie opp flinke folk, seier Hoftun.
Har skrinlagd spel, men trur på Lysward
Snowcastle Games er i siste fase av utviklinga av spelet Lysward. Hoftun trur ikkje nedbemanninga vil ha «altfor store» konsekvensar for lanseringa.
– Andre prosjekt me også har jobba med, er derimot lagt på is, seier han.
Dei har over tid vore opne om den økonomiske situasjonen. Slik sett er ikkje kutta overraskande for dei tilsette, men det er naturlegvis ein vanskeleg situasjon.
Utviklarane har samtidig sterk tru på det komande spelet sitt.
– Lysward blir det klart beste spelet Snowcastle har laga. Me er i aktiv dialog med fleire utgivarar som ønsker å gi det ut. Kombinert med lågare faste kostnadar har me trua på at me har lagt det verste bak oss, seier Hoftun.
Lang motbakke
– Mykje kan framleis sporast tilbake til Jagex-exiten. Men det var ikkje Jagex som svikta oss den gongen, men deira amerikanske eigarar som plutseleg fekk kalde føter og over natta gjekk frå å bygge Jagex til å barbere det for sal, sa Hoftun i desember.
Timingen var elendig.
– Det var like før lanseringa av Ikonei Island og øydela veldig mykje for utrullinga av spelet. I staden for å ha pengar til å ferdigstille spelet etter planen, måtte me skalere ned teamet og hastelansere utan ein utgivar som hadde musklar til å marknadsføre det.
Snowcastle Games sine norske eigarar har i etterkant spytta inn nærmare 40 millionar kroner i selskapet.
Det er Snowcastle svært takksame for.
Kombinert med støtte frå Norsk filminstitutt gjer dette at Snowcastle kan halde fram utviklinga av Lysward.