Utnemninga av ny styreleiar i Helse Midt-Norge skaper reaksjonar. Både politikarar og legar stiller spørsmål ved om habiliteten til Per Axel Koch, som til dagleg er konsernsjef i Polaris Media.
Kommuneoverlege i Ørskog, Tom Christiansen, er ein av dei som fryktar færre kritiske artiklar om sjukehusa og Helseplattforma.
Det er helsedepartementet som utnemner ny styreleiar. Statssekretær Karl Kristian Bekeng seier at dei vurderer Koch som ein erfaren toppleiar, og at han er i full stand til å ivareta krava som blir stilt til ein styreleiar i eit helseføretak.
Den nye styreleiaren Per Axel Koch seier til NRK at han er ein administrativ leiar for avishusa. Han presiserer at han aldri har blanda seg i kva journalistane skriv om.