Siste: Like etter 07.30 melder brannvesenet at brannen er slegen ned.
Det er nesten ikkje røyk på branntomta lenger og låge temperaturar, opplyser Børre Brekkvassmo i 110 Vest.
Fire personar og ein hund er evakuerte frå tre hus i samband med brannen i eit sagbruk ved Skare i Ullensvang.
Dei evakuerte bur i nærleiken av staden der det brenn.
Naudetatane fekk melding om hendinga klokka 01.13 i natt. Brannmannskap frå Odda og Røldal rykte ut.
Heile bygget var då overtent.
– Heile bygget øydelagt
Det var ikkje meldt om spreiingsfare. Det er om lag 15 meter til nabobygget.
– Det brenn godt i bygget, store flammar og mykje røyk, melde politiet først.
Like etter 05.30 brenn det framleis godt i bygget, men brannvesenet har kontroll, opplyser 110 Vest til NRK.
– Heile bygget er øydelagt i brannen, seier Børre Brekkvassmo i 110 Vest.
Han fortel at det er mykje ved lagra i bygget, noko som gjer til at det brenn framleis.
– Vi har brukt gravemaskiner til å fjerne veggar i bygget slik at vi kjem til all veden som brenn, fortel han.
Oppdaga eksplosiv – måtte evakuere
Det blei også oppdaga at det var lagra svartkrut i bygget. Sidan dette er eksplosiv, blei det bestemt at personar i området rundt måtte evakuerast.
Foto: Sigbjørn S. Kleppe / Brannvesenet Ullensvang
– Vi hadde ikkje kontroll på kor det var lagra. Sidan svartkrut kan brenne opp av seg sjølv av ingenting, bestemte vi oss for å ta ekstra forholdsreglar og evakuere folk, seier Brekkvassmo.
Knut Dahl-Michelsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt, seier svartkruten blei ein «liten x-faktor i brannen», men at dei har kontroll.
– Det er ikkje noko eksplosjonsfare, seier han.
Skal etterforske saka
Det er ukjent når dei evakuerte får flytte heim, men dette blir ein del av vurderinga til politiet på morgonkvisten.
– Ein del hus i området er straumlause som følge av brannen, opplyser Dahl-Michelsen i politiet.
Brannårsaka er ukjent, men dette skal politiet gå i gang med å etterforske når tomta er kald nok, opplyser Steinar Hausvik i operasjonssentralen til NRK klokka 07.40.
Publisert
15.01.2026, kl. 05.49
Oppdatert
15.01.2026, kl. 09.44