Saka oppsummert

  • Rita, ein tidlegare dagmamma, vart i 2019 dømt for drap, men ho har heile tida meint at ho er uskuldig dømt.
  • Saka vart gjenopna i september 2023, men ho ventar framleis på ei avklaring frå påtalemakta.
  • Saka har vore prega av lang tidsbruk og usemje om sakkunnige, noko som har forseinka prosessen.
  • Rita held fram med å håpe på frifinning, trass i den lange ventetida.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Det var den 4. september for over to år sidan, at Rita fekk ein telefon frå advokaten sin.

Saka ho hadde sona fire år i fengsel for, hadde blitt gjenopna.

Rita har ikkje snakka med media etter at saka vart gjenopna. Men no ønskjer ho å fortelje om kor krevjande det er å gå og vente.

Over to år er gått og det er framleis ikkje avgjort om det blir ei full ny rettssak eller om påtalemakta vil be om frifinning.

– Det er slitsamt og utmattande. Eg må jobbe med hovudet kvar dag, for å ha fokus på det som er positivt, seier Rita.

Tar for lang tid å få svar

Rita, også kjent som dagmammaen, vart i 2019 dømt for drapet på Martine (1). Ho har heile tida hevda at ho er uskuldig dømt.

Då Gjenopptakingskommisjonen bestemte at Rita skulle få prøvd saka si på nytt meinte dei at det var ein rimeleg moglegheit for at Rita ville ha blitt frifunnen om retten kjende til nye bevis i saka.

Thomas Randby, meiner det har tatt alt for lang tid å få eit svar etter at saka vart gjenopna.

– Vi meiner, og som vi har peika på fleire gonger, at man bør få større fart i saksframdrifta, seier han.

Advokat Thomas Randby sitter ved et møtebord med dokumenter og ringpermer hos Elden advokatfirma i Oslo.

Thomas Randby er forsvarar saman med Sidsel Katralen og Henriette Willix. 

Foto: Morten Waagø / NRK

Det har vore ein lang prosess frå 2006 då Martine døydde og fram til i dag. Saka har blitt lagt bort av politiet. Så opna igjen.

I tingretten vart Rita frikjent, før ho i 2019 blei dømt i lagmannsretten, der dommen vart avsagt med dissens. Så blei saka gjenopna i 2023.

– Det er snart to og eit halvt år etter at den vart gjenopna. Det er lenge når du har levd i eit 19 års mareritt, seier Randby, som er forsvararen til Rita.

Han meiner det bør komme nye reglar på kor lang tid det tek etter at ei sak er gjenopna.

– Eg tenker at når det gjeld gjenopna saker så burde man ha hatt endå klarere reglar og fristar.

Også bistandsadvokaten til foreldra, Marius Mørner Staurset, seier det er uheldig at det har tatt så lang tid.

– Det har vore ein langvarig prosess knytt til kven som skal vere sakkunnige, også frå forsvararane si side, seier han.

en mann i hvit skjorte

Marius Staurset er bistandsadvokat for foreldra til Martine.

Foto: Mona Hauglid / Mona Hauglid foto

For foreldra til Martine er det ei påkjenning at ei sak dei såg på som avslutta, no er gjenopna.

– Det er ganske tungt. Det er ein sak som har halde på i mange år.

Meiner dei nye erklæringane frifinn Rita

Det sentrale i saka er om Martine fekk skadane før eller etter ho blei levert til dagmammaen.

Både familien og Rita nektar for å ha gjort Martine noko.

Eitt av spørsmåla den nye etterforskinga må ta stilling til, er om skadane til Martine kan komme av eit fall eller ei anna ulykke.

Tre av dei fem nye sakkunnige har allereie skrive sin rapport.

Thomas Randby meiner dette er med på å frifinne dagmammaen.

– Vår klare tolking av dei tre sakkunnigerklæringane som er skriven, er at det er ein høg grad av sannsyn for at barnet var skada allereie før ho kom til dagmammaen. Og derfor er ikkje skuldingane mot ho riktig.

Statsadvokat, Vibeke Gjøslien, seier det er først når alle fem erklæringane er klar, at ho vil bestemme seg om dei skal oppretthalde tiltalen eller ikkje.

Ho vil ikkje kommentere innhaldet på dei som allereie er skriven.

Bistandsadvokaten til foreldra seier at også han ventar på dei to siste rapportane før han vil seie noko om innhaldet.

– Det er for tidleg å seie noko om det, seier Marius Mørner Staurset.

Kommisjonen for gjenopptakelse av straffesaker

  • Organ som vurderer om en straffesak som er rettskraftig avgjort av domstolene, skal behandles på nytt av retten.
  • Kommisjonen er uavhengig av domstolene og skal på den måten bidra til større rettssikkerhet i Norge.
  • Kommisjonen har fem faste medlemmer. Leder, nestleder og ett annet medlem skal ha juss-bakgrunn.
  • I 2022 behandlet kommisjonen 242 saker. Av disse ble 44 bestemt gjenåpnet.
  • Dersom saken blir gjenåpnet, skal skyldspørsmålet og/eller straffeutmålingen prøves på nytt. Saken vil da gå for en annen domstol enn den som avsa dommen i første omgang.

Kilde: Store norske leksikon og gjenopptakelse.no

29 ekspertar har vurdert skadane

Frå 2006 og fram til saka vart gjenopna, har 24 ekspertar uttalt seg om skadane til Martine.

Retten har også oppnemnt fem nye sakkunnige etter at saka vart gjenopna.

Statsadvokat Vibeke Gjøslien, seier det er dei sprikande forklaringane til dei tidlegare ekspertane som har vore involvert, som er grunnen til at dei ønskjer nye synspunkt.

jonassak-dag1

Statsadvokat, Vibeke Gjøslien, seier dei først til ta stilling til om dei skal oppretthalde tiltalen eller ikkje, etter at alle dei fem sakkunnigrapportane er på plass.

Foto: Anders Haualand / NRK

– I respekt for at saka no er gjenopna, og alvoret i den, så har vi bedt om oppnemning av fem nye sakkunnige for å vurdere dei medisinske spørsmåla på nytt.

Ho viser til lagmannsretten i spørsmålet om tidsbruken.

– Vi har levert på dei fristane som er sett, og svart ut det vi har fått beskjed om å svare ut, seier ho.

Har sett av tid til rettssaka

Lagmannsretten skriv i ein e-post at det har vore ein rekke faktorar som har bidrege til at det har tatt tid.

Lagmann, Pål Prestesæter, peiker mellom anna på at dei ulike partane har vore ueinige om kven dei nye sakkunnige skal vere.

Thomas Randby motsette seg dei to siste sakkunnige som vart oppnemnt. Trass i protesten, valde retten å utnemne dei.

Prestesæter skriv at det var få ekspertar partane faktisk blei einige om. Og av desse var det fleire som opplyste om at dei ikkje ville ta på seg oppdraget.

– I ettertid ser vi at saka burde blitt fastsett i si fulle breidde, og heller seinare avgrensa, dersom det skulle vere grunnlag for det, skriv han.

Etter at NRK begynte å undersøke saka, har dei no sett ein foreløpig dato for rettssak til hausten neste år.

– Fordi det har tatt lang tid utan at det er avgjort om tiltalen blir opprettheldt, har vi valt å beramme saka no, slik at det ikkje skal gå ytterlegare tid før saka kan gjennomførast.

Den tidligere dagmammaen Rita (53) sitter i senga si i overgangsboligen på Torshov. Her soner hun slutten av sin fire år lange fengselsdom for å ha drept tretten måneder gamle Martine i 2006.

Rita har allereie sona straffa ho fekk i fengsel.

Foto: Morten Waagø / NRK

Må sjå det positive i det

Leiar for Gjenopptakingskommisjonen, Kamilla Silseth, seier dei ofte følger med på saker som dei har gjenopna, og at det i nokre tilfelle kan ta tid før saka blir avgjort.

– Det er ikkje uvanleg at det kan ta tid når omfattande saker blir gjenopna, seier ho.

Det betyr at Rita truleg må vente endå ei stund til før ho får eit endeleg svar.

– Man blir litt motlaus over at ting skal ta så innmari lang tid, men eg har trua på at det går bra til slutt.

Hei!

Hei, vi NRK har rapportert om filleristing og vald mot barn sidan 2018. Har du tankar eller konkrete tips vi bør sjå nærmare på. Ta kontakt på e-post eller telefon.

Signal:+ 47 928 58 483

Publisert

15.01.2026, kl. 10.58