Dei tre tiltalte, ein tidlegare offentleg tilsett rådgjevar og to bedriftseigarar, har i Sunnmøre tingrett nekta straffskuld for grov korrupsjon.
Aktor, statsadvokat Magne Nyborg, meiner rådgjevaren fekk økonomiske gode frå to bedriftseigarar, mot at han bidrog til at lånesøknadar vart godkjent eller prioritert før andre.
– Vi meiner han har misbrukt tilliten arbeidsgivaren har gitt han.
Strafferamma for grov korrupsjon er fengsel i inntil 10 år.
Ruth-Louise Osborg er dommar i saka.
Foto: Remi Sagen / NRK
Nyborg meiner dei to bedriftseigarane må dømmast til fengselsstraff i to år og to månader og to år og åtte månader.
Forsvararen til den tidlegare offentleg tilsette, Frode Sulland, meiner påtalemakta har bomma i denne saka.
– Her har det skjedd misforståingar og feilvurderingar av både faktum og jus, sa han i sin prosedyre.
Revisor varsla Økokrim
Saka starta då ein revisor oppdaga ein mistenkeleg transaksjon.
Kunderådgjevaren hadde kjøpt ei leilegheit av firmaet til den eine bedriftseigaren til under halvparten av marknadsprisen.
Rådgjevaren var tilsett i eit statleg selskap som låner ut offentlege pengar.
Bedriftseigaren hadde vore lånekunde der.
Økokrim blei varsla og etterforskinga starta.
Forsvarar Frode Sulland er forsvarar for den tiltalte tidlegare rådgjevaren. Han meiner at vilkåra for korrupsjon ikkje er oppfylt for nokon av tiltalepunkta.
Foto: Remi Sagen / NRK
Meiner dei er skuldige
I etterforskinga kom det fram at kunderådgjevaren også hadde selt ei leilegheit til ein annan bedriftseigar som var kunde. Han fekk meir enn 1,1 millionar over marknadsverdi.
Aktor meiner han må dømmast til inndraging av ein million for dette.
Aktor Magne Nyborg i Sunnmøre tingrett.
Foto: Remi Sagen / NRK
Rådgjevaren hadde også inngått gunstige intensjonsavtalar som varte i ti år om kjøp av aksjar i fiskeriselskapa til dei to kundane.
Nyborg meiner han har brukt desse avtalane til å presse prisen på leilegheitene opp og ned.
– Dette er høgst spekulativ bevisførsel av aktor, sa Sulland i sin prosedyre.
I seks dagar har saka gått for Sunnmøre tingrett.
Nyborg konkluderer med at det er bevist utover ein kvar rimeleg tvil at dei tre mennene har gjort seg skuldige i grov korrupsjon.
Forsvarar Frode Sulland derimot, viser til at politiet her berre har leita etter bevis utifrå ei haldning om at dei tre er skuldige, og at bevisa for at dei er uskyldige er blitt ignorerte.
Han ber om at den tidlegare rådgjevaren blir frifunnen.
Forsvarsadvokat Frode Sulland.
Foto: Remi Sagen / NRK
Nektar straffskuld
Dei tre har gjennom heile saka nekta straffskuld, og kom med andre forklaringar enn korrupsjon på avtalane og kjøpa.
Dei meiner avtalane berre skulle gjelde om rådgjevaren slutta i det offentlege selskapet og starta å jobbe for fiskeribedriftene.
Frode Sulland meiner retten må legge dette til grunn, og i tillegg meiner han uansett straffeansvaret er forelda for avtalane.
Prisen på leilegheitene meiner rådgjevaren var rett.
Kenneth Mikkelsen er forsvarar for den eine bedriftseigaren.
Foto: Remi Sagen / NRK
Forsvararen til den eine bedriftseigaren, Kenneth Mikkelsen, seier han synest saka er blitt godt belyst og styrkar deira sak.
– Vi kan ikkje sjå at dette er korrupsjon. Det kan gjerne vere uheldig, kritikkverdig, men korrupsjon, det er det ikkje.
Stor belastning
Familie og tidlegare kollegaer av den tidlegare rådgjevaren har vitna i saka.
Dei beskriv situasjonen som svært belastande for mannen.
Familie og kollegaer av den tiltalte tidlegare rådgjevaren og ein rekneskapsførar for den eine bedrifta har vitna i saka.
Foto: Remi Sagen / NRK
Kollegaene sa begge at systemet i det statseigde selskapet gjorde det svært vanskeleg for ein rådgjevar å påverke kva utfall lånesøknaden fekk.
Dei har også gått igjennom lånesøknadene frå dei aktuelle kundane i ettertid, og ikkje funne noko gale.
– Moglegheita du har til å påverke dette er ikkje-eksisterande, sa den eine kollegaen frå vitneboksen.
Han sa også at han blei skuffa då han fekk vite om avtalane om aksjekjøp, men at det ikkje ville ført til at kollegaen mista jobben i det statseigde selskapet. Han hadde berre blitt inhabil overfor kundane.
Publisert
15.01.2026, kl. 09.19
Oppdatert
15.01.2026, kl. 11.30