Det er klart etter at han slo franske Pierre-Hugues Herbert (34) natt til torsdag norsk tid.

Kjær gjekk sigrande ut med dei overbevisande settsiffera 6-2, 6–3.

For første gong er han dermed klar for ei Grand Slam-turnering på seniornivå.

– Det er først og fremst utruleg kult. Det er gøy å spele bra i store kampar og i dag var eg heldigvis betre enn han andre. Så eg er eigentleg berre glad, seier Kjær til Noregs Tennis- og Padelforbund etter sigeren.

Tek ting som dei kjem

Han seier han prøvde å ikkje tenkje for mykje på kva som stod på spel i den tredje og siste kvalifiseringskampen.

– Eg prøver å fokusere på det ein kan kontrollere og det er seg sjølv. Ein tek ting litt som dei kjem, seier 19-åringen.

Også trenar og far Alexander Kjær gler seg over sigeren og kvalifiseringa til hovudturneringa.

– Det var flott. Han er framleis ein ung tenåring, men han var vaksen på banen i dag, seier han til forbundet etter kampen.

– Vi hadde ei god kjensle, men vi visste at Herbert er ei luring. Han har vore nummer 36 i verda og vunne Grand Slam i double også vidare, så nøkkelen var å returnere godt.

Nicolai Budkov Kjær under Swedish Open

Her er Nicolai Budkov Kjær i aksjon under Swedish Open i 2025.

Foto: MATHILDA SCHULER / BILDBYRÅN

Stolt, men fatta

Tidlegare i veka slo den norske 19-åringen ut Yosuke Watanuki (Japan) og James McCabe (Australia). Begge kampane vart avgjorde etter tre sett.

– Eg er stolt. I går var ei kraftig utlading, medan i dag er vi meir fatta. Eg veit ikkje korleis ein skal seie det, men eg er veldig stolt – og det kjem til å vekse litt på oss, seier pappa Kjær.

Tidlegare har sonen levert sterke resultat i juniorklassen og tok Wimbledon-tittelen i 2024.

Kjær har 135.-plassen på ATP-rankinga og er betre rangert enn motstandarane han har møtt på hardcourten i Melbourne. Herbert var nærast som nummer 157 i verda.

Turneringsstart søndag

Australian Open er éin av fire Grand Slam-turneringar i løpet av eit år. Dei andre er Roland-Garros, Wimbledon og US Open.

Kjær deltok i Wimbledon-kvalifiseringa i fjor og rauk ut i 2. runde.

Nicolai Budkov Kjær

Her er Nicolai Budkov Kjær i aksjon i ein Davis Cupkamp i 2025.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

Hovudturneringa i Melbourne startar søndag.

Kort tid etter at Kjær hadde spelt ferdig, skulle kampoppsettet til hovudturneringa trekkjast. Kjær seier han ikkje har nokon spesielle ønske for kven han møter i første runde.

– Det er ikkje så farleg for meg, eg er berre glad for å vere i «main draw», så får eg møte den eg møter. Eg skal gjere mitt beste og forhåpentleg spele min beste tennis. Det blir kult, det blir ein heilt sinnssjukt oppleving, seier ein svært fornøgd tennisspelar.

TV 2s tenniskommentator Sverre Krogh Sundbø har stor tru på eit strålande 2026 for Kjær.

– Finn han stabiliteten mot dei som kanskje ikkje er like aggressive, trur eg det blir eit fantastisk år. Spådommen min er at han fullfører året som topp 50 i verda. Det er eit trongt nålauge, men eg trur oppriktig at han har det inne, sa han til NTB tidlegare i veka.

Publisert

15.01.2026, kl. 09.32

Oppdatert

15.01.2026, kl. 09.54