Saka samanfatta
- USA seier dei har starta fase to av president Trump sin fredsplan for Gaza.
- Det inneber mellom anna innsetting av ei overgangsregjering utnemnd av USA.
- Fredsplanen krev også avvæpning av Hamas, men det er uklart kor omfattande dette skal vere i praksis.
- Trass våpenkvila mellom Israel og Hamas har mange blitt drepne den siste tida.
- Det er framleis vanskeleg å få naudhjelp inn på Gaza via grenseovergangen Rafah, fordi han ikkje er open for transport av varer.
USA sin spesialutsending Steve Witkoff seier at fase to av president Trump sin fredsplan for Gaza nå har starta.
Under første fase av planen, i oktober i fjor, blei Hamas og Israel einige om ei våpenkvile.
Første fase inneheldt også ei utveksling av fangar mot gissel, ei delvis israelsk tilbaketrekking og ein kraftig auke av den humanitære hjelpa til Gaza.
Manglar eitt gissel
– USA ventar at Hamas fullt ut oppfyller forpliktingane sine, inkludert omgåande tilbakelevering av det siste avdøde gisselet. Om ikkje, vil det få alvorlege konsekvensar, skriv Witkoff på X.
Witkoff viser her til Master Sgt. Ran Gviliet som blei drepen 7. oktober 2023. Liket hans er ikkje levert tilbake til Israel.
Hamas seier dei ikkje veit kor liket er, og ikkje klarer å finne det etter at store delar av Gaza er bomba sund.
USA-utnemnd regjering
Fase to av fredsplanen inneber blant anna innsetting av ei overgangsregjering.
«USA skal utnemne palestinsk komité som skal styre Gaza», var overskrifta i New York Times på tysdag.
Seniorforskar ved Prio, Midtausten-ekspert Jørgen Jensehaugen, seier at overskrifta illustrerer problemet veldig godt.
– Veldig mykje av problemet med denne våpenkvila er det har vore ein prosess der nokon seier ting utan at ein eigentleg har detaljane klare for kva det inneber, seier Jørgen Jensehaugen.
Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK
– Her er det ikkje inklusivitet. Det er ein meklar som tilfeldigvis også væpnar den eine parten, som meir eller mindre dikterer kven som er akseptable representantar for den andre parten, seier han.
Sivilingeniør
Torsdag vart det kjent at komiteen skal leias av Ali Abdel Hamid Shaath. Det kunngjorde Egypt, Tyrkia og Qatar i ei felles kunngjering på X på onsdag.
– Meklarane håper at etableringa av komiteen vil føre til implementering av andre fase av våpenkvileavtalen for Gazastripen, understrekar landa.
Shaath er sivilingeniør, og har hatt toppjobbar i Det palestinske området på Vestbreidda, skriv The Washington Post.
Kven som er i den nye teknokratiske regjeringa på 15 medlemmer er ikkje klart.
Regjeringa vil vere under tilsyn av eit såkalla «fredspanel» leidde av USA sin president Donald Trump.
Jensehaugen seier at det er interessant:
– Dersom dette er sant og Israel har akseptert det, betyr det at sjølv om Israel ikkje aksepterer at Det palestinske sjølvstyret (PA) skal ta over Gaza, vil det vere leidd av ein PA-mann, seier han.
Kven dei 14 andre medlemmane er, er førebels ikkje kjent.
USAs spesialutsending Steve Witkoff
Foto: TOBIAS SCHWARZ / AFP / NTB
Hamas skal avvæpnast
Fredsplanen seier også at Hamas skal avvæpnast i fase to.
Korleis dette skal gjerast, blir eit av dei vanskelegaste temaa, meiner Jensehaugen.
– Det er tolkingsrom og handlingsrom her òg. Er det absolutt alle våpena? Det er heilt urealistisk. Er det dei offensive våpena? Det er meir mogleg. Da er det snakk om rakettar og tyngre våpen.
Mennesker drept siden 7. oktober 2023 Lukk
Kilder: Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza / FNs kontor for koordinering
av humanitær innsats (OCHA) / Israelske myndigheter
Forbehold:
Tall fra Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza skiller ikke mellom sivile og stridende,
og kan periodevis være forsinket. Tallene fra israelske myndigheter viser at rundt 1200 sivile og soldater ble drept i forbindelse med Hamas-angrepet på Israel
7. oktober 2023. 471 israelske soldater har blitt drept siden
27. oktober 2023. Ingen av tallene er bekreftet av uavhengige kilder. De palestinske tallene
oppdateres daglig. Tall fra Israel oppdateres minst to ganger i uken.
Lukk Mer informasjon om tallene
Barn døyr framleis
Ifølge FN sitt barnefond Unicef er over 100 barn drepne på Gazastripa sidan våpenkvila mellom Israel og Hamas tredde i kraft i oktober.
Ei oversikt frå New York Times viser at over 2500 bygningar er øydelagde sidan våpenkvila blei inngått.
– Det har vore utruleg mange brot på våpenkvila. Etter nokre standardar har det eigentleg ikkje vore våpenkvile, seier Jensehaugen.
Ein palestinar blandar leirar Khan Younis i Gaza mens han prøver å bygge opp igjen hus som er øydelagd i krigen.
Foto: Reuters
Også punktet frå fase ein om å opne grenseovergangen til Egypt – Rafah – er langt frå oppfylt.
Det er opna for at folk kan reise ut, men ikkje for transport av varer inn. Det gjer det vanskeleg å få inn nok naudhjelp.
– Det blei lova i første fase at humanitærhjelp skulle skyte fart. Det har jo sjølvsagt auka frå den totale blokaden, men det har ikkje nådd dei nivåa som trengst for at ein skulle ha ei menneskeverdig utvikling på bakken, seier Jensehaugen.
Retting: I ei tidlegare versjon av saka sto det at Palestina sin tidlegare utanriksminister Nabil Ali Shaath (87) skal leie den teknokratiske komiteen. Det riktige er at komiteen skal leias av Ali Abdel Hamid Shaath. Saka vart retta 15. januar klokka 13.55.
Interessert i kva som skjer i verda? Høyr utanriksredaksjonens nyaste podkast:
Publisert
15.01.2026, kl. 13.34
Oppdatert
15.01.2026, kl. 13.56