Ute viser gradestokken minus 19. I leilegheita til ukrainske Anna Diachenko (28) er det litt varmare – knappe tre grader.
– Dette er den kaldaste vinteren eg nokosinne har kjent på i denne leilegheita, seier ho til avisa Kyiv Independent.
– På grunn av kulda, straumbrot og alle angrepa er leilegheita heilt ubueleg, seier ho.
Diachenko er éin av fleire tusen ukrainarar som nå har levd fleire dagar utan straum.
Kulda blir brukt mot innbyggjarane i Kyiv, der Russland har gjennomført fleire angrep retta mot straumforsyninga.
Foto: SERGEI GAPON / AFP / NTB
Straumbrota skjer som følge av ei rekke russiske angrep mot energiproduksjon og bustadområde dei siste vekene.
Men Russland har også tilpassa angrepa sine mot Ukraina, forklarer militærekspert Tom Røseth.
Det har fått store konsekvensar for den ukrainske befolkninga.
←
32 år gamle Yuliia Tsjumak varmar fingrane til den tre år gamle dottera si, Kvitoslava, før dei skal gå til barnehagen. Straumbrot i Kyiv har gjort nettene kalde og lange.
Foto: Alina Smutko / Reuters / NTB
Den siste veka har det vore ned mot 20 minusgrader i Kyiv.
Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB
Når straumen forsvann, tok Raisa Derhatjova sjølv grep. Ho har laga si eiga lommelykt.
Foto: Dan Bashakov / AP / NTB
Ein mann i Kyiv har bygd ei borg av puter for å halde varmen i leilegheita si.
Foto: TETIANA DZHAFAROVA / AFP / NTB
Utanfor høgblokker fleire stader i byen er det sett opp telt, der folk kan varme seg, lade telefonen eller få noko varmt å drikke.
Foto: Thomas Peter / Reuters / NTB
Då leilegheita til Tetyana Tatarenkova gjekk i svart tysdag denne veka, tende ho stearinlys for å trøyste fuglane sine.
Foto: Dan Bashakov / AP / NTB
I ei anna leilegheit i byen tok Tatiana Tatarenko med seg lommelykt for å besøke ein nabo.
Foto: Danyil Bashakov / AP / NTB
Kulda har likevel nokre lyspunkt. Nokre har nytta høvet til å isfiske på dei frosne innsjøane i hovudstaden.
Foto: Reuters
→
– Heilt krise
Tusenvis av ukrainarar har gått fleire dagar utan straum som følge av dei russiske angrepa. Minst fire personar skal vere drepne, ifølge Reuters.
Onsdag erklærte Ukraina sin president Volodymyr Zelenskyj unntakstilstand i Kyiv, melder nyheitsbyrået.
Bistandsarbeidarar NRK har snakka med i Ukraina gir eit dystert bilde av situasjonen i landet.



Straumbrot pregar kvardagen i Kyiv.
AP
– Dette kjem til å bli ein lang vinter, seier Naomi Gumaer i bistandsorganisasjonen Medair.
– Angrepa mot energiinfrastruktur har tredobla seg.
– Det er verkeleg heilt krise. Eg har fleire kollegaer som ikkje har hatt straum på fleire dagar, seier Nadine Aabø Mellem frå Kirkens Nødhjelp i Kyiv.
Nadine Aabø Mellom
Bistandsarbeider for Kirkens Nødhjelp
Der var det minus 17 grader kort tid før NRK ringde. Mange har det så kaldt inne at vassrøyr frys og sprekk, fortset ho.
– Folk er veldig langt nede.
Ber folk dra frå Kyiv
Zelenskyj har skulda Russland for å målrette angrep mot kraftstasjonar og annan infrastruktur i landet, melder BBC.
Hjelpemannskap jobbar døgnet rundt for å få straumen tilbake til innbyggarane, fortset han.



Straumbrot pregar kvardagen i Kyiv.
AP
Ordføraren i Kyiv, Vitalij Klitsjko, sa at russiske angrep på måndag førte til det største straumbrotet hittil i krigen.
Folk som kunne dra frå hovudstaden, burde gjere det for å lette presset på dei ressursane som var tilgjengelege, oppfordra Klitsjko.
Foto: Danyil Bashakov / AP / NTB
Bilde og video frå Kyiv viser innbyggarar som prøver å varme opp leilegheitene sine med generatorar og oppvarma mursteinar.
Slike løysingar kan ha ført til at liv har gått tapt.
I Kyiv døydde tre personar som følge av kolosforgifting etter at dei sovna med ein generator gåande på balkongen, melder lokalt politi på Telegram.
Ekspert: Russland har endra taktikk
Det er ikkje nytt at Russland slår til mot infrastruktur for energi, men det er nytt at det får så stor effekt.
Det seier førsteamanuensis Tom Røseth, som leier Ukraina-prosjektet ved Forsvarets høgskole, til NRK.
Han forklarer at Russland den siste tida har omprogrammert dei ballistiske missila sine og at det gjer dei meir treffsikre enn før.
– Når missila i svært høg fart nærmar seg målet, endrar dei retning. Det fører til at luftvernsystema får problem med å skyte dei ned, forklarer Røseth.
Tom Røseth
- Førsteamuensis ved Forsvarets høgskole.
- Prosjektleder for Ukraina-prosjektet.
Formålet er truleg å skape ei energikrise i Ukraina, fortset han.
Han understrekar at ukrainarane er vande til å vere utan straum i periodar. Problemet blir om straumbrota varer i fleire døgn, særleg nå som kulda er på sitt verste.
– Ukrainarane er krigstrøytte, men innbitne. Men russarane håpar at å bruke kulde som våpen mot sivilbefolkninga, vil minske deira vilje til å fortsette krigen, seier forskaren.
– Eg trur dei fleste reknar med at dette kjem til å fortsette, seier Gumaer i Medair.
Hadde ikkje Russland angripe energiproduksjonen, ville ikkje situasjonen vore så ille som han er, seier Mellem i Kirkens Nødhjelp.
– Det er viktig å få fram at det er ein grunn til at det er sånn som dette.
Interessert i kva som skjer i verda? Høyr utanriksredaksjonens siste podkast:
Publisert
15.01.2026, kl. 15.03