Saka oppsummert:
- Eivind Helland, 20 år gammal midtstoppar frå Brann, er på veg til Bologna i Serie A for ein overgangssum på 100 millionar kroner.
- Overgangen er den største i Brann si historie og eit teikn på auka verdi på norske spelarar.
- Barndomsklubbane Fyllingsdalen og Sædalen kan få millionar gjennom FIFA sine solidaritetsmiddel, som sikrar 5 % av overgangssummen til utviklingsklubbane, ifølge lokalaviser.
- Fyllingsdalen kan få opp mot 12 millionar kroner, inkludert ein mogleg eigen avtale med Brann.
- Solidaritetsordninga gir direkte økonomisk støtte til breiddeklubbane og viser seg å fungere godt.
- Overgangen blir sett på som eit positivt signal for norsk fotball og amatørklubbar.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
Den 20 år gamle Brann-midtstopparen Eivind Helland er torsdag i Bologna med sikte på ein overgang til den italienske Serie A-klubben.
– SK Brann har gitt Eivind Helland lov til å reise til Bologna for medisinsk undersøking. Klubbane er einige om vilkåra for ein eventuell overgang, seier sportsleg leder Per-Ove Ludvigsen til NRK.
Ifølge opplysningar NRK fekk onsdag kveld skal overgangen vere på 8,5 millionar euro, som tilsvarar 100 millionar norske kroner.
Med det står midtstopparen for den største overgangssummen i Brann nokosinne.
Det var Bergens Tidende som først omtalte rekordovergangen.
Det er lenge sidan Eivind Helland (til høgre) starta karrieren i Sædalen IL. No ser midtstopparen ut til å tidenes dyraste selde Brann-spelar, og det kjem Sædalen til å merke.
Foto: Sædalen IL
– Tippar dei har falle av stolen
– Først og fremst er me veldig glad på Eivind sine vegner, seier styreleiar Victoria Heckmann i FK Fyllingsdalen.
Men klubben kan òg vere glad på eigne vegner.
For rekordsummen til SK Brann vil regne òg ned på breiddeklubbane Fyllingsdalen og Sædalen, der Helland sleit ut fotballsko før han gjekk til Brann.
Det er langt frå Sædalen og Fyllingsdalen til Stadio Renato Dall’Ara i Bologna, på mange måtar.
Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK
Kor mykje vil ikkje klubbane gå nærmare inn på, og dei understrekar at dei først og fremst er spente og gler seg på Helland sine vegner.
– Me har ikkje budsjettert med at me skulle tene pengar på Eivind si tid i Sædalen, så for vår del er den største gevinsten det førebiletet han er for barn og unge, seier dagleg leiar i Sædalen IL, Pål Hafstad Thorsen.
Tidlegare Brann-spelar og fotballkommentator Jonas Grønner trur Fyllingsdalen er meir begeistra enn dei gir uttrykk for, og jublar på deira vegner.
Det var for Sædalen IL Helland sleit ut sine første fotballsko, før han gjekk vidare til FK Fyllingsdalen i ungdommen. No kan det drysse godt på begge dei tidlegare klubbane.
Foto: Sædalen IL
– Eg tippar dei har falle av stolen i Fyllingsdalen, og at dei ikkje veit kva dei skal gjere i dag, seier han.
– Økonomi er ekstremt viktig i idrett, og det er så store summar det er snakk om her.
Garantert 5 prosent i solidaritetsmiddel
Nøyaktig kor store summar det er snakk om vil ikkje klubbane gå ut med.
Men ifølgje regelverket til FIFA skal klubbar der spelaren har utvikla seg vere garantert såkalla solidaritetsmiddel ved ein overgang.
Det bekreftar Espen Auberg, som er fotballagent og jurist med ekspertise på fotballjus.
Det er lenge sidan Eivind Helland (andre frå venstre bakarst) tok dette lagbildet med Sædalen IL. Bak til høgre Brann-spelar Markus Haaland.
Foto: Sæland IL
– Heile 5 prosent av salet skal fordelast på klubbane dei har vore i utvikling hjå, forklarar han.
Med ein antatt overgangssum på 100 millionar kroner, betyr dette at eit beløp på 5 millionar kroner skal fordelast som solidaritetsmiddel.
Før sesongslutt blei Helland kåra til årets unge spelar av supporterklubben Brann Bataljonen, her med leiar Erlend Vågane. No ser det ut til at laget må klare seg utan midtstopparen.
Foto: Paul S. Amundsen / NTB
I tillegg peiker Auberg på at det kan vere ein eigen avtale mellom Fyllingsdalen og Brann, som gir Fyllingsdalen endå meir ved eit vidaresal.
Ifølgje fleire lokale aviser kan det vere snakk om så mykje som 12 millionar kronar som går til Fyllingsdalen etter rekordovergangen frå Brann.
Hyggeleg for breiddeklubbane
Overgangen til Helland er eit tydeleg teikn på ein positiv trend i norsk fotball, meiner Auberg.
– Verdien på spelarar i norske klubbar har auka dei siste åra, og salet av Helland er eit klart bevis på dette, seier Auberg.
Det får direkte positive konsekvensar for amatørklubbane.
– Jo høgare summane blir, desto meir går til barndomsklubbane. Dette er hyggeleg for breiddeklubbane og visar at ordninga med solidaritetsmiddel fungerer etter hensikt, avsluttar advokaten.
Publisert
15.01.2026, kl. 16.14