Det går fram av ei børsmelding som kom torsdag kveld.
Behovet for ein skuldast blant anna at produksjonsvoluma i fjerde kvartal i 2025 vart lågare enn planlagt, og at selskapet hadde eit fjorår bak eigne forventningar.
Nordic Mining skriv at sjølv om mesteparten av tidlegare ingeniør- og installasjonsproblematikk har blitt løyst, så har Engebø Rutile & Garnet (ERG) hatt utfordringar med å oppnå stabil operasjonell oppetid.
Opptrappinga av drifta på Engebø har hatt ein progresjon med meir sakte fart enn ein opphavleg såg føre seg, grunna tekniske og operasjonelle utfordringar, skriv selskapet i børsmeldinga.
Dette har gjort at ein har fått ein svakare pengeflyt i den siste halvdelen av 2025 enn venta. Problema synt til i fjerde kvartal skuldast i større grad det operasjonelle, og påverknaden av oppetida av drifta.
Henta inn 200 millionar
I børsmeldinga kom nyheita at det var utstedt 16,7 millionar aksjar til ein kurs på 12 kroner aksjen. Dette henta inn om lag 200 millionar kroner brutto, og med denne summen er selskapet fullfinansiert.
Ifølge Finansavisen fekk selskapet førehandsforpliktingar frå fleire aksjonærar som alle er med frå før. Mellom anna selskapets største aksjonær, Svelland Capital, som skal teikne aksjar for rundt 40 millionar kroner. Før emisjonen eigde dei rundt 20 prosent av aksjane, skriv Finansavisen.
Dette er ikkje så lenge sida dei måte ut å hente nye pengar. I september i fjor henta dei inn 22,5 millionar dollar – om lag 225 millionar kroner. Då vart det gjort gjennom ei utviding av obligasjonslånet.

Les også
Nordic Mining er forseinka med første rutil-frakt
Ny dagleg leiar
I den same børsmeldinga vart det også klart at selskapet hentar inn ein ny dagleg leiar, og at noverande dagleg leiar, Kennet Nakken Angedal, går vidare til andre oppgåver i selskapet.

Les også
Byter dagleg leiar i Nordic Mining

Les også
NRK: Førdefjorden-saka opp for Høgsterett i april

Les også
Ankesaka i fjordsøksmålet vert behandla i Høgsterett

Les også
– No er vi letta og klare for å gå vidare

Les også
Karoline (35) stilte med baby i jobbintervju og planar om å seie nei

Les også
Steinknusarane på Engebø