Den endelege rekneskapen etter VM i Vektløfting i Førde er ikkje klar, men førebelse tal frå arrangørane syner at om lag 25 millionar kroner vil drype på idrettslag og organisasjonar som bidrog under meisterskapen.

Det går fram av ei pressemelding fredag.

15 millionar i utstyr

Om lag 15 millionar av dette stammar frå utstyr som er delt ut til idrettslag. Dette var utstyr som var brukt under meisterskapen, og over 40 idrettslag har teke imot utstyr.

I tillegg er det utbetalt om lag 3,5 millionar kroner i dugnadskompensasjon til lag og organisasjonar som bidrog under VM.

Meir enn 1 000 frivillige har lagt ned 20.000 dugnadstimar for å gjennomføre arrangementet.

Blant dei som deltok stort i dugnaden, og som difor vart kompenserte, var Førde IL. Dei fekk 1,3 millionar kroner av kompensasjonssummen:


Om lag 7,5 millionar å dele

Ifølge pressemeldinga skal det delast ut ytterlegare frå overskotet når endeleg resultat ligg føre.

Når dette er klart, skal eigarane av VM: AK Bjørgvin, Førde IL og Tambarskjelvar IL, motta kvar sine utbyte frå det resterande overskotet.

Arrangørane estimerer at det vil bli om lag ti millionar samla i dugnadskompensasjon og utbyte, så utbytedelen er dermed rekna å vere om lag 7,5 millionar.

– Dette er eit sterkt resultat, både økonomisk og samfunnsmessig. Arrangementet har etterlate varige verdiar som kjem grasrota til gode i mange år framover. Dette er eit solid fotavtrykk og ein viktig arv etter meisterskapen, seier styreleiar Nils R. Sandal i pressemeldinga.

Les også

Stian – Eg er stolt over at VM vart så bra, og over alle som bidrog til det