Reaksjonane har ikkje latt vente på seg etter at det blei kjent at konsernsjef i Polaris Media, Per Axel Koch, blir ny styreleiar i Helse Midt-Norge.

Polaris Media eig Sunnmørsposten og dei fleste lokalavisene på Nordvestlandet.

Koch har sagt han vil kombinere desse to rollene.

Krev svar

Stortingsrepresentant Frank Sve har bedt helse- og omsorgsministeren svare på korleis dette er mogleg.

– Korleis er det muleg at konsernsjefen i eit av landets største mediehus blir sett inn som ny styreformann i Helse Midt-Norge, og er dette å rekne som «statsstyrt habilitet»? skriv han i eit skriftleg spørsmål til ministeren.

Sve viser til at Polaris Media eig mediehusa som skal formidle sanninga om helsetilboda i regionen til innbyggarane i Møre og Romsdal og Trøndelag.

– Artiklar publisert i ei av avisene blir gjerne formidla i ei eller fleire av dei andre avisene, alt etter aktualitet.

– Sjukehustilbodet i Møre og Romsdal er under sterkt press, og mange fryktar at dei store kutta som no vert gjennomført vil medføre at innbyggjarane her får eit betydeleg dårlegare helse- og sjukehustilbod enn i resten av landet, skriv han vidare.

Vidare spør han om det no vil bli færre kritiske artiklar om sjukehuset og helseplattforma.

– Kan vi ha tillit til at media formidlar det korrekte biletet av sjukehusa i Møre og Romsdal og Trøndelag når konsernsjefen i Polaris Media vert leiande styreformann i det øvste helseføretaket i regionen? Dette er openbert kortslutning med tanke på dømekraft og vurdering av habilitet, meiner han.