Den danske radiokanalen Radio IIII melder at norske myndigheiter har kontakta danske myndigheiter for å oppklare om danske soldatar ved ein feil kan ha skote mot eit norsk passasjerfly.
Hendinga skal ha skjedd over Borrislejren i Danmark, den 28. september 2025, og ifølgje radiokanalen er det Widerøe som har oppfordra norske myndigheiter til å ta opp saka.
Radiokanalen viser til korrespondanse dei har fått innsyn i.
Dei har tidlegare meld at ein soldat i leiren fyrte skot mot ein «ukendt drone», same dato som flyet flaug over leiren.
Det danske Forsvaret har til no avvist å uttale seg om hendinga, melder kanalen. Frå dansk side melder Trafikstyrelsen at dei ikkje kjenner noko til hendinga.
Kommunikasjonssjef i Widerøe, Catharina Solli, bekreftar overfor NRK at dei har tatt kontakt med Luftfartstilynset om hendinga, men seier at ingen har meld om noko unormalt etter flyginga.
– Vi vart først gjort kjende med den påståtte hendinga i etterkant, gjennom danske medium og deira ubekrefta omtale, seier ho til NRK.
Flytypen som vart nytta var eit Dash 8 Q400 turbopropfly med 78 seter.
Luftfartstilsynet bekreftar overfor NRK at dei har kontakta danske myndigheiter om hendinga, men at ingen av dei har noko vidare kjennskap til det utover det som er meld i danske medium.
Biletet er eit illustrasjonsfoto av same flytype som flaug over leiren då skota skal ha vore fyrt av.