Saka samanfatta:
- Ein lastebil køyrde inn i ein hage etter kollisjon med ein personbil på E16 i Vang i Valdres.
- Ingen personar vart skadd, men to av dei involverte reiste til legevakta for sjekk.
- Politiet melder om svært glatt føre på staden og etterforskar saka.
- Lastebilen må bergast ut av hagen, noko som truleg skjer seinare.
- Fleire trafikkuhell har skjedd i Innlandet same kveld, og politiet oppmodar bilistar til å køyre forsiktig.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
– Eg sat ved kjøkkenbordet då eg plutseleg høyrde at det smalt noko kraftig.
Det seier Nils Olav Rauken Kattevold (21).
Han gjekk ut for å sjå kva som hadde skjedd.
– Då såg eg at det sto ein lastebil i hagen, seier han.
– Svært glatt
Han tok opp telefonen og ringte 113.
Meldinga kom inn til politiet klokka 17.40 torsdag kveld.
Den gjekk ut på at ein lastebil og ein personbil hadde kollidert på E16 ved Vang i Valdres.
Tre personar var involvert, to av dei sat i personbilen, medan den tredje var sjåføren av lastebilen.
Ingen vart skadd, men dei to som sat i personbilen reiste til legevakta for sjekk, ifølgje politiet.
Det er ikkje meldt om store materielle skadar, ifølgje politiet. Politiet etterforskar no saka, det er førebels ikkje gitt ut nokon reaksjonar til dei involverte, opplyser Gjestvang.
Foto: Arne Sørenes / NRK
– Det er svært glatt på staden, seier Pål Gjestvang, operasjonsleiar for politiet.
Såpass glatt var det at lastebilen sklei ned i hagen til Kattevold etter ulukka.
– Litt artig
Lastebilen stod delvis i hagen til familien til 21-åringen, og delvis ut i vegen.
Lastebilen måtte bli dratt heilt inn i hagen for å kunne bli berga.
Jobben med å få lastebilen fjerna frå hagen, skjer truleg seinare, ifølgje politiet.
Det er noko Kattevold skal få med seg.
– Dette er vel sånt som skjer ein gong i livet sikkert, så eg får følgje med.
Så lenge alt gjekk bra med dei involverte, synest 21-åringen at det var litt artig å sjå ein lastebil i hagen.
Foto: Arne Sørenes / NRK
– Så lenge det gjekk bra med alle folka, så er det jo litt artig, seier 21-åringen.
Fleire trafikkuhell
Torsdag kveld har det vore trafikkuhell fleire stader i Innlandet.
I tillegg til kollisjonen i Vang, var fire bilar involvert i ei trafikkulukke ved Storhove i Lillehammer.
På E6 ved Ringebu står ein lastebil på tvers og sperrar vegen.
– Det kan tyde på at det er glatt enkelte stader, seier Gjestvang.
– Køyr forsiktig, og køyr etter forholda, er oppfordringa frå operasjonsleiaren.
Publisert
15.01.2026, kl. 22.15
Oppdatert
16.01.2026, kl. 09.29