Saka oppsummert:
- Den globale havavtalen (BBNJ) trer i kraft etter 20 år med forhandlingar og er juridisk bindande.
- Avtalen omfattar nesten to tredelar av verdshava, som ligg utanfor økonomiske soner.
- Målet er å verne minst 30 prosent av hav- og landområde innan 2030.
- Avtalen skal sikre rettferdig fordeling av genetiske ressursar frå havet, også for fattige land.
- Miljøkonsekvensar skal vurderast før aktivitetar som gruvedrift setjast i gang i internasjonale farvatn.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
– Vi har jobba med avtalen i 20 år, og det er ein stor siger, seier fungerande nestleiar i Greenpeace Noreg, Haldis Tjeldflaat Helle, om avtalen som trer i kraft laurdag.
Den globale havavtalen (BBNJ) er ein internasjonal avtale om den delen av havet som ingen – eller alle – eig.
Altså dei delane av havet som ikkje er ein del av den økonomiske sona i verdas land. Det utgjer nesten to tredelar av verdshava.
Spørsmål og svar om den globale havavtalen
- Kva er den globale havavtalen?
Det er ein internasjonal avtale som er vedteken for å beskytte og bevare biologisk mangfald i internasjonalt farvatn, det vil seie havområde som ikkje tilhøyrer eit land.
- Kvifor er avtalen viktig?
Internasjonalt farvatn utgjer rundt to tredjedelar av verdas hav, men har hittil hatt minimal beskyttelse. Det har gjort områda utsette for mellom anna overfiske og forureining. Uregulert menneskeleg aktivitet i internasjonalt farvatn har skulda i at rundt 10 prosent av verdas marine artar risikerer å bli utrydda, ifølgje FN. Difor er det viktig å ta grep for å ivareta desse områda betre.
- Kva havområde gjeld det?
Havområda som blir omfatta av avtalen, ligg utanfor nasjonale grenser. Det vil seie at dei anten tilhøyrer alle eller ingen. Dei kan verke øyde, men under overflata vrimlar det av liv, frå mikroskopisk plankton til enorme blåkvalar. Det finst også fleire viktige mineral og andre naturressursar der, som blir stadig viktigare for verda å utnytte i framtida.
- Kven er med på avtalen?
Avtalen er vedteken av over 80 land, deriblant Noreg, samt EU. Den trer i kraft 17. januar 2026 og er viktig for å nå FN-målet om å verne 30 prosent av verdas havområde innan 2030.
Første gong
For første gong har nesten halvparten av jordoverflata fått ein avtale som regulerer korleis land skal oppføre seg der.
– Alle som har sett på ein globus, ser jo at områda som ligg litt utanfor det som er nært land, er veldig store område, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).
– Så at vi nå får eit system for dette, det er utruleg gode og viktige nyheiter.
Den største fisken i verda, kvalhaien, finst i varme farvatn over heile kloden. Ifølge Verdas naturvernunion (IUCN) er talet på kvalhaien sterkt redusert, men det er også håp om at bestanden kan komme seg.
Foto: Flora Tomlinson-Pilley / AP / NTB
Avtalen er blant anna viktig for å kunne opprette maritime vernesoner i internasjonale havområde.
Den historiske naturavtalen som blei inngått i desember 2020, har eit sentralt punkt om «30 innan 30». Altså at minst 30 prosent av hav- og landområde skal vere under bevaring, eller verna, innan 2030.
Gir håp
Generalsekretær i Verdsnaturfondet (WWF) Karoline Andaur seier at havavtalen er eit viktig verktøy for å nå vernemålet.
– Her har Noreg ein lang veg å gå. Så vi håpar at avtalen bidrar til at Noreg forpliktar seg konkret til å verne 30 prosent av havet, seier Andaur.
Spekkhoggarar kan svømme heilt frå varme vatn nær ekvator til iskalde hav nær polområda. Sjølv om spekkhoggaren ikkje har nokon naturlege fiendar, er forureining av verdshava ein stor trussel mot arten.
Foto: OLIVIER MORIN / AFP / NTB
Avtalen skal også sikre rettferdig fordeling av dei genetiske ressursane av liv i havet. Dette kan få stor verdi i for eksempel legemiddelindustri. Avtalen skal sikre at fattige land får sin del.
Samtidig set avtalen krav om at konsekvensane for miljøet blir vurderte før ein set i gang aktivitetar i internasjonalt farvatn. Her kan gruvedrift på havbotnen vere aktuelt.
Nestleiar i Greenpeace Noreg, Haldis Tjeldflaat, seier at havavtalen gir henne håp om framtida.
Foto: Greenpeace
– Verda verkar som om ho stadig blir mørkare og mørkare. Det er flest dårlege nyheiter. Så den globale havavtalen, han gir meg skikkeleg, skikkeleg håp. Og det håpar eg det gjer for alle andre som bryr seg om planeten vår, seier fungerande nestleiar i Greenpeace Noreg, Haldis Tjeldflaat Helle.
– Ein milepæl
Landa blei einige om avtalen 19. juni 2023. Det skjedde etter over 20 år med forhandlingar.
Etter at over 60 land har ratifisert han, trer avtalen nå i kraft.
Det foreslåtte verneområdet i Weddellhavet.
Foto: NRK
– Det er ein historisk milepæl at ein har blitt einig om korleis ein skal få til god global havforvalting. Ikkje minst at dette skal bli juridisk bindande for å bevare havområda våre, som ikkje tilhøyrer ein nasjonalstat, seier Karoline Andaur i WWF.
Weddellhavet
Eit område som kan nyte godt av den nye avtalen er Weddellhavet, utanfor Antarktis.
Tyskland har foreslått å verne området slik at selar, kvalar, pingvinar og eit yrande liv av andre levande skapningar og organismar får leve i fred. Alt fiske skal bli forbodet.
Dersom området blir verna, vil det bli det største verneområdet i verda til havs – 1,8 millionar kvadratkilometer stort, fem gonger så stort som Tyskland.
Den nye havavtalen er truleg gode nyheiter for livet i havet rundt Antarktis. Havområda der er ikkje eigde av nokon, og har derfor vore særleg utsette for øydeleggingar, da det ikkje har vore nokon klare reglar for korleis området skal bli bevart.
Foto: Mark Baker / AP / NTB
I ei årrekke har Tyskland og ei rekke andre land kjempa for å verne området, men utan hell.
Seinast før jul blei eit forslag om vern nedstemt på årsmøtet i Commission for the Conservation of Antarctic Marine Living Resources (CCAMLR).
Nå kan Weddellhavet bli blant dei som nyt godt av avtalen.
– Avtalen mogleggjer noko som tidlegare havforvaltningar manglar, å bli einige om marine verneområde. På tvers av havområde som ein delar. Det er jo ikkje sånn som på land at ein set opp grenser her og der, seier Andaur.
Interessert i meir frå utanriks? Høyr redaksjonen sin siste podkast:
Publisert
16.01.2026, kl. 21.08
Oppdatert
16.01.2026, kl. 21.09