Saka samanfatta:
- Per Axel Koch, konsernsjef i Polaris Media, er utnemnd som styreleiar i Helse-Midt Noreg, noko som har skapt debatt om habilitet.
- Kritikarar fryktar at Koch si rolle kan påverke avisene si evne til å vere kritiske til helseføretaket.
- Generalsekretær i Norsk Redaktørforening, Reidun Kjelling Nybø, understrekar at redaktørane har lovfesta uavhengigheit frå eigarane.
- Koch avviser at han kan påverke innhaldet i avisene.
- Politikarar og helsepersonell har uttrykt uro for at kritisk journalistikk kan bli svekka.
- Debatten har fått stor merksemd, mellom anna i Dagsnytt 18, der ulike synspunkt har blitt diskuterte.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
Den siste veka har det vore full fyr i debatten om habiliteten til Per Axel Koch, etter han fredag 9. januar blei utnemnt som styreleiar i Helse-Midt Noreg.
Koch er nemleg også konsernsjef i Polaris Media, som eig fleire aviser i regionen, mellom anna Sunnmørsposten og Adresseavisen.
Det har komme reaksjonar frå både politikarar og kommuneoverlegen i Ørskog, der bekymringane går ut på om avisene kan halde fram med å kritisere og avdekkje forhold i helseføretaket. Diskusjonen spissa seg på Dagsnytt 18 torsdag kveld.
Har tiltru til redaktørane
Generalsekretær i Norsk Redaktørforening, Reidun Kjelling Nybø, viser forståing for reaksjonane, men påpeiker at det er lovfesta at Koch ikkje blandar seg inn redaktøravgjerder.
– Redaktørens uavhengigheit av eigarane sine er både avtale- og lovfesta i Noreg.
Vidare peiker ho til redaktørplakaten, som ho har tiltru til at redaktørane følgjer.
– Hovudprinsippet i redaktørplakaten, som vi har hatt i over 70 år, er at eigarane tilsett redaktørar og har ansvar for å sette dei overordna rammene for media. Innafor dei rammene skal redaktørane vere heilt frie og uavhengige.
Reidun Kjelling Nybø er generalsekretær i Norsk Redaktørforening.
Foto: Mariam Butt / NTB
Kjelling Nybø seier at ho har full tillit til at redaktørane og journalistane i Polaris Media er i stand til å gjere jobben slik dei skal.
– Det viktigaste dei kan gjere no, er å halde fram med å gjere jobben sin, akkurat som dei har gjort så lenge det har vore sjukehus i dekningsområda deira. Det har eg full tillit til at dei kjem til å gjere.
Redaktør i Sunnmørsposten, Sindre Halkjelsvik, skriv i eit lesarinnlegg at det er heilt nødvendig å diskutere ope om habilitet. Samstundes påpeiker han at Per Axel Koch held seg unna redaksjonell verksemd i avisa.
Fryktar det kan påverke kjelder
Kjerstin Rabås er tillitsvald for Norsk Journalistlag i Adresseavisen, og stiller seg kritisk til styrevervet.
Ein av tinga ho peiker på, er at styrevervet kan påverke kjelder som skal uttale seg til media.
Kjerstin Rabås i Adresseavisen seier ho kunne ønske at Koch tenkte seg om før han takka ja til dette vervet.
Foto: Norunn Bergesen
– Det kan påverke korleis kjelder tilknytt helseføretaket vil forhalde seg til mediehuset, når dei veit at konsernsjefen er styreleiar i Helse Midt-Noreg. Det kan oppstå tvil sjølv om det er redaktørane som bestemmer sakene og vinklingane. Det kan vere problematisk for både kjelder og lesarar.
Ho seier også at ho synest koplinga er problematisk.
– Sjølv om journalistane er profesjonelle, så er det uansett spesielt å møte sin eigen konsernsjef når ein skal lage kritiske saker på helseføretaket.
– Bør ikkje vere bekymra
Torsdag kveld fekk Koch moglegheita til å svare for seg under Dagsnytt 18 på NRK. Han synast det er bra at dette spørsmålet blir stilt.
– Eg som konsernsjef og styreleiar har inga moglegheit til å påverke innhaldet, og det er veldig viktig at det kjem fram, seier Koch.
Per Axel Koch har tidlegare vore styreleiar i både Fjordkraft, kollektivselskapet ATB og Sparebank 1 SMN.
Foto: Hanna Johre / NTB
Fylkesleiar i Møre og Romsdal Framstegsparti, Hans Olav Myklebust, var også til stades, og er ein av dei som uttrykte bekymring.
– Eg reagerer på den samlinga av makt på få hender. Både media har stor makt og stort ansvar, og Polaris Media har stor makt i seg sjølv, med at dei eig dei fleste avisene i Møre og Romsdal og Trøndelag.
– Blir det færre kritiske artiklar no, om tilstanden ved sjukehusa og Helseplattforma? stiller Myklebust spørsmål ved.
Koch meiner at Myklebust ikkje bør vere bekymra for at det blir mindre søkjelys på Helseplattforma, fordi det skal kvar enkelte redaktør bestemme.
Hals Olav Myklebust stiller spørsmål ved habiliteten til Per Axel Koch.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRK
Kommuneoverlege i Ørskog, Tom Christensen, er ein av dei som tidlegare har stilt spørsmål ved Koch sin habilitet. Han har uttalt seg i Sunnmørsposten om at han trur det kan bli mindre kritikk og diskusjon i avisene.
– Då viser det vel at tilliten allereie er sett spørsmål ved, og då er det vel i seg sjølv eit problem? seier programleiar Ugo Fermariello spørjande.
– Eg trur det vil vise seg at det er ingen grunn til å ha denne bekymringa, konkluderer Koch.
Publisert
17.01.2026, kl. 08.10