I dag tenkjer eg på Helse Førde og lokalsamfunna i Sogn. Og kjem fram til at distrikta ikkje skal betale for føretaket sine feil.
Det er noko grunnleggjande urimeleg ved at distrikta no blir bedne om å akseptere svekkja helsetilbod fordi Helse Førde har sett seg i ein økonomisk situasjon dei ikkje har kontroll på.
Når lokalsjukehus blir truga av kutt, blir det forklart med «stramme rammer» og «nødvendige prioriteringar». Det som sjeldan blir sagt rett ut, er at den akutte økonomiske krisa heng saman med store investeringar og låneopptak knytt til sjukehusbygginga i Førde – investeringar der rekneskapen ikkje har gått opp.
Ved sidan av dette har personalkostnader, sjukefråvær og teknologiske kostnader bidrege til underskot dei siste åra.
Dette er ikkje eit problem skapt av pasientar i Lærdal, Nordfjord eller Indre Sogn. Det er eit problem skapt av leiing og systemval på føretaksnivå. Likevel er det distrikta som blir bedne om å betale prisen.
Når sentrale avgjerder gir økonomisk smell, og svaret er å kutte i pasientnære tilbod lokalt, er det ikkje vanskeleg å forstå kvifor tilliten sviktar. For kva slags signal sender det? At feil blir gjorde i sentrum, men konsekvensane blir flytta ut.
I eit offentleg helsevesen skal likeverd ikkje vere eit honnørord, men ein realitet. Dialyse, akutt indremedisin og polikliniske tenester er ikkje ekstraordningar ein kan ta bort når tala ikkje stemmer. Dei er grunnmuren som gjer det mogleg å bu, arbeide og bli gamle i distrikta.
Den instrumentelle logikken til føretaket er at desse står for tur. Dette betyr at det er ein grunnleggjande mistillit til føretaket no. Folk føler seg utrygge for helse og arbeidsplassar i lokalsamfunnet.
Skal ein krevje at lokalsamfunn stiller seg bak smertefulle kutt, må ein først vere ærleg om kvifor dei kjem. Å skjule konkrete feil bak diffuse formuleringar om «rammevilkår», og samstundes be folk vise forståing, er ikkje leiarskap. Det er ansvarsfråskriving. Det går etter kvart kanskje også opp for folk kvifor AP regjeringa sit stille i båten.
Distrikta skal ikkje vere buffer for økonomiske feilgrep i helseføretaket som systematisk har økonomisk vore vaklevoren dei siste åra.
Er der verkeleg ikkje andre avdelingar eller klinikkar det lar seg gjere å spare nokre kroner?