Søndag kveld har Vegtrafikksentralen Vest fått inn fleire meldingar om glatte vegar.
Det gjeld strekninga mellom Moskog og Holsen på fylkesveg 613, og dessutan frå Førde opp til Angedalen på fylkesveg 601.
Trafikkoperatør Tom Erik Englaugstad seier at ein må rekne med fleire glatte vegar den komande veka, som følge av venta kuldegrader.
– Det vil heilt sikkert bli glatt, og entreprenørane må vere førebudde og få salta vegane i tide, seier han.