Rune Skarstein Tidligere førsteamanuensis samfunnsøkonomi, NTNU

Publisert:
20. august 2025 kl. 18:25
Oppdatert:
20. august 2025 kl. 18:25

Dette er et debattinnlegg. Det gir uttrykk for debattantens egen holdning.

Dei borgarlege partia prøver å gjere formueskatten til valkampens hovudtema. For å illustrere kor skadeleg denne skatten er, tyr dei til politisk vrøvl om aksjar som «arbeidande kapital» og anekdotar om ein eller annan småbedriftseigar eller gründar som må trekkje pengar ut av verksemda si for å betale denne skatten. Dei overser glatt at ulikskapen i formue og inntekt har auka dramatisk dei siste 20 åra, og at formueskatten har vist seg å vere eit effektivt tiltak for å redusere økonomisk ulikskap. Dei ignorerer forsking som blant anna viser dette og at det i hovudsak er dei aller rikaste i Norge som betalar denne skatten.

Bladet Kapital har berekna at i 2024 var avkastinga på dei 400 rikaste sin nettoformue 299 milliardar kroner. Den årlege samla formueskatten til stat og kommunar er ca. 35 milliardar kroner, som svarer til mindre enn 12 prosent(!) av den årlege avkastinga av dei 400 rikaste sin formue.

Det offentlege Skatteutvalet fann at berre 13 prosent av alle skatteytarar betalte formueskatt i 2022. Guttorm Schjelderup ved NHH anslår at halvparten av dei som betalte formueskatt i 2023, betalte mindre enn 14.000 kroner kvar. Den eine prosenten med høgst formue betalte 2/3 av all formueskatt i følge Dagens Næringsliv.

Åtte ting du må vite om saken de alltid krangler om

Eigarar som med dagens reglar ikkje betalar skatt på aksjeutbytte, må i det minste betale formueskatt. Dersom aksjonæren ikkje tek utbytte ut av verksemda eller plasserer det i eit såkalla holdingselskap, gjer nemleg «fritaksmetoden» at han slepp å betale skatt på utbyttet så lenge det ikkje blir tatt ut. Då må aksjonæren betale berre ein prosent skatt på sin aksjeformue. Skatteutvalet sin rapport anslår at i 2016 hadde aksjonærane hopa opp 3100 milliardar kroner i slike «latente eigarinntekter». Det svarer til over 1100 milliardar kroner i skattegjeld som aksjonærane står fritt til å betale når det passar dei, eventuelt aldri. (Dette beløpet er betydeleg større enn statens samla skatteinntekter i 2016.)

Det er merkverdig at formueskatten skal representere ei spesiell byrde for gründarar.  Oppstartselskap er som regel ikkje børsnoterte, med andre ord «unoterte». Eigarane står derfor ganske fritt når det gjeld å fastsetje deira bokførte netto verdi, og dermed skattegrunnlaget for eigars formueskatt. En studie frå SSB estimerer at den bokførte verdien til slike selskap i gjennomsnitt er berre ca. halvparten av deira marknadsverdi.

Ein ny studie frå SSB av unoterte selskap viser det same mønsteret for bruk av «fritaksmetoden» som ved børsnoterte selskap. På grunnlag av skattegrunnlaget sin likningsverdi auka eigarane si «latente» skattegjeld knytt til desse selskapa frå 162 milliardar 2021-kroner i 2011 til 668 milliardar i 2022. Dette siste beløpet er ikkje småpengar. Det svarer til 80 prosent av statens budsjetterte samla skatteinntak på inntekt, formue og kapital i 2025.

Når fulltids­jobb ikke er nok

Ein studie uført av forskarar ved Frisch-senteret (Economica, bd. 90, 2023) viser at som regel må ikkje eigarar av små og mellomstore unoterete verksemder trekkje pengar ut av bedrifta som dei elles ville ha brukt for å auke sysselsetting og produksjon. Tvert imot bidrar ei krone meir i berekna formueskatt i gjennomsnitt til å auke lønnssummen i verksemda med 60 øre i same år og med 1 krone etter to år. Forfattarane si tolking av dette resultatet er at høgre formueskatt gjer det meir lønnsamt for eigaren å investere i dei tilsette sin kunnskap og kompetanse, sidan «humankapital» ikkje inngår i bedriftas balanse og dermed ikkje blir fanga opp som skattepliktig formue hos eigaren.

Motstandarar av formueskatten gjentak stadig at han motverkar norsk eigarskap og «favoriserer» utanlandske aksjonærar, fordi dei slepp å betale formueskatt til Norge. Men utanlandske eigarar må betale formueskatt til Norge på andre typar formue enn aksjar. Som det heiter i Stortingsproposisjon for budsjettåret 2025: «Fysiske personer som ikke er skattemessig bosatt i Norge, skal betale formueskatt til Norge for formue i fast eiendom eller løsøre som vedkommende eier eller rår over her i riket». Utanlandske aksjonærar må betale skatt på utbytte i norske selskap gjennom den såkalla kjeldeskatten som selskapet må trekkje frå og betale til staten når det overfører utbytte til utanlandsk aksjonær. Det kan neppe vere ei skattepolitisk ulempe å utvide kjeldeskatten til også å omfatte skatt på aksjeformue. Denne formuens verdi er dessutan langt enklare å fastsette enn formue i fast eigedom og lausøyre.

Det betyr noe hvem som styrer

Det som hindrar ei slik endring, er den rådande regelen at skatten på aksjeformue er «residensbasert». Det betyr at kor vidt ein eigar av aksjeformue knytt til verksemd i Norge er skattepliktig, er bestemt av kvar vedkomande bur. «Favorisering» av utanlandske aksjeeigarar vil bli fjerna ved at all formueskatt blir gjort «verksemdsbasert», slik at han omfattar all formue knytt til verksemd eller eigedom i Norge uansett kvar eigaren har bustad. Ei slik endring vil innebere at utflyttarar med bustad i utlandet, inklusive «skatteflyktningane», må betale skatt på sin aksjeformue i Norge same kvar dei bur. For å få til ei slik endring trengst det berre ein liten smule politisk interesse og vilje.

Det lovar ikkje godt for den politiske kulturen at dei borgarlege partia, med heiarop frå ein stor del av media og finansiering frå dei mest velståande, har gjort fjerning av formueskatten til ei hovudsak i valkampen. For å fremje snevre interesser har dei gitt avkall på sakleg argumentasjon og langt på veg lukkast i å gjere valkampen til ein skattekamp. Som om det ikkje finst mange langt viktigare problem å løyse for å gjere det rike landet vårt til eit endå betre samfunn for alle.

Hva mener du? Send inn din tekst til debatt@adresseavisen.no eller delta i debatten i kommentarfeltet nederst – og husk fullt navn!