Vanlegvis har straumområde for mesteparten av Sogn og Fjordane (Midt-Norge, NO3) vore blant dei rimelegaste i Norge.

I dag får vi dei høgaste prisane. Mellom kl. 17 og 18 tysdag er prisen 354 øre/kWh

Snittprisen tysdag er på heile 213 øre/kWh.

Dyrt sjølv med støtte

Dei færraste i prisområdet har vald å hoppe på tilbodet om Norgespris frå regjeringa, med fastpris på 50 øre, men ein får uansett straumstøtta. Med den er snittprisen tysdag om lag 100–127 øre/kWh

Det melder strompriser.no i ei pressemelding.

Ifølge nettstaden elhub.no har berre 2,9 prosent av hushaldningane i prisområdet NO# vald Norgespris. Hyttene, som ikkje har straumstøtte, er ope i ein andel på 9,2 prosent.

No bør folk i Sogn og Fjordane sterkt vurdere Norgespris, oppmodar Alf-Henning Drage i nettstaden strompriser.no.

– Det overraskar meg at så få har sikra seg fastpris i Midt-Noreg. Med 97 prosent av timane over Norgespris-nivået hittil i januar, er det mange som kunne spart store beløp. Og er ein usikker, har ein uansett 14 dagars angrerett. Hushalda i Sogn og Fjordane bør sterkt vurdere Norgespris no, seier Drage i ei pressemelding.

Norgespris klart billegare no

Hittil i år viser tala at Norgespris-kundane har spart store beløp.

«Med eit forbruk på 1 200 kWh hittil i januar ville eit hushald med Norgespris spart rundt 500 kroner samanlikna med spotpris – sjølv etter straumstøtte», skriv dei.

Straumøkonom i Wattn, Elin Slinning Hessen, er samd: No bør Sogn og Fjordane-folk i NO3 (nord for Sognefjorden) vurdere Norgespris. Prognosane hennar viser at innsparinga på Norgespris aukar for kvar dag som går.

– Verprognosene viser at det skal vere kaldt utover i februar og. Då blir forbruket høgt og dette påverkar straumprisane.

– Veit ein noko om kor mykje kabelen over Sognefjorden har påverka prisane?

– Ein ser det har påverka prisane noko, men prisane vi ser no går hovudsakeleg på at det er kaldt og tørt. Men vi ser at straumprisane i Midt-Norge (NO3) er meir lik Vest-Norge (NO5) enn tidlegare.

Samstundes kan ein måtte tole å betale dyrare for straumen på sommaren om ein vel Norgespris no. Ein bind seg i eitt år med ordninga.

Tidlegare har Wattn berekna at ein einebustad i Sogn og Fjordane i snitt hadde spart 1700 kroner på eitt år med Norgespris. Dette talet er høgare no.

Hopp over karusellen.