Det betyr at det kan bli sletta gjeld for over 42 millionar kroner i Sunnfjord kommune aleine.
Regjeringa lovde og lovde gjennom valkampen, men då det kom til stykket like etter valet, hadde Arbeidarpartiet fjerna mellom anna Sunnfjord kommune sine innbyggarar får ordninga der ein kan søke om å slette 25.000 kroner frå studiegjelda si.
Dei måtte krype til korset og «re-innføre» ordninga for 2026 før Senterpartiet i det heile ville inn i budsjettforhandlingane.
Ikkje overraskande toppar Sunnfjord kommune søkarstatistikken to veker ut i ordninga: 1702 personar i kommunen har søkt., melder regjeringa.
Dette er den nye gjeldssletteordninga for 189 kommunar
Ordninga for gjeldslette i distriktskommunar inneber at:
- du som bur i desse 189 kommunane kan søkje om å få sletta 25.000 kroner av utdanningsgjelda kvart år
- det er inga tidsavgrensing på kor mange år du kan få sletta utdanningsgjeld
- gjeld frå utdanning og opplæring som er teken, på alle nivå, kan slettast (inkludert folkehøgskule, grunnskule og vidaregåande opplæring, høgare yrkesfagleg utdanning og høgare utdanning)
- du må ha vore i jobb i minst eitt år før du søkjer om gjeldslette
- du må ha budd i ein av kommunane som er med i ordninga i minst eitt år før du søkjer om å få sletta utdanningsgjeld
For begge ordningane er det gjeld som er rettmessig motteke, og gjeld som er knytt til utdanning som er teken, som kan slettast.
Kjelde: Kunnskapsdepartementet.
Neste på lista er Sogndal med 1057 og Kinn med 1028.
Ordninga gjeld ei rekkje distriktskommunar. Det er 37.000 menneske totalt som har søkt om studiegjeldsletting.
– Eg er veldig glad for den store interessa, og har tru på at gjeldslette vil bidra til betre tilgang på heilt nødvendig kompetanse i heile landet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap) i pressemeldinga.

Les også
– No har dei rydda opp, og det er viktig. Det handlar om tillit

Les også
I dag kan du søke om å få sletta studiegjeld

Les også
Han lovde oss alt: – Det første kona mi høyrde, var eit brøl