Om lag 83.000 ukrainske flyktningar har i dag mellombels vern i Noreg. Halvparten av dei, 47 prosent, seier dei ikkje har tenkt å returnere til Ukraina om det blir fred. Ein tredel håpar å få fleire familiemedlemmer hit.

Det kjem fram i den årlege undersøkinga av erfaringar ukrainske flyktningar har i Noreg, skriv nettstaden forskning.no. Rapporten er utarbeidd av NIBR på vegner av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi).

Særleg dei som har barn er bekymra for retur og kva slags framtid som kan vente i Ukraina. Forskarane finn at betre norskkunnskapar, økonomisk framgang samanlikna med livet i Ukraina og god sosial integrering i eit norsk lokalsamfunn er tre viktig årsaker til at ukrainarane ønskjer å bli i Noreg.

Dei er i tillegg framleis bekymra for ikkje å ha ein heim å returnere til og at ein ustabil fred og eit konfliktfylt samfunn ventar i Ukraina etter krigen.

11 prosent av dei spurde seier dei vil returnere så snart krigen tek slutt. Forskarane finn også at færre menn enn kvinner vil returnere. Dei eldste og dei yngste (vaksne) aldersgruppene ønskjer i større grad å returnere enn dei midt imellom. Dei som har nær familie i Ukraina, ønskjer i større grad å returnere enn andre, skriv forskning.no

(©NPK)