Her er status for vegane over fjellet:

Riksveg 7 over Hardangervidda: Vegen er stengt for køyretøy med totalvekt under 7,5 tonn. Kolonne for store køyretøy.

E134 over Haukelifjell: Det er innført kolonnekøyring over Haukelifjell.

Ferje måtte snu mellom Jondal og Tørvikbygd

Også på sjøen skapar vêret problem. Ruta 1026 mellom Jondal og Tørvikbygd har fått ein avgang innstilt etter at ferja «Samlafjord» måtte snu. Ferja klarte ikkje å leggja til kai i Tørvikbygd som planlagt kl. 18.40 grunna kraftig vind og sjø. Fartøyet returnerte til Jondal og vil gjera eit nytt forsøk etter avgangen kl. 19.20, melder Fjord1 på vegner av Skyss..