– Helseføretaket vil altså la befolkninga i Sogn betala prisen for opprusting av bygg og stor administrasjon i Førde.
Det skriv Aksjonsgruppa for Lærdal sjukehus i ei pressemelding fredag.
Torsdag la Helse Førde fram dei reviderte kuttforslaga, som mellom anna held fast på flytting av ortepedien frå Lærdal til Førde.
– Me er forferdeleg skuffa! At befolkninga i ein så stor region som vår skal frårøvast den beredskapen og tryggleiken som me per i dag har, kan me ikkje akseptera. Dei nye polikliniske tilboda vil sjølvsagt vera gode for nokre pasientgrupper, men fjerninga av ortopedisk avdeling vil svekkja heile sjukehuset dramatisk. På sikt ser me konturane av eit lokalmedisinsk senter i Lærdal, om dette framlegget vert vedteke, skriv aksjonsgruppa i pressemeldinga.
Hovudpunkta i tilrådingane
- Den ortopediske aktiviteten i Helse Førde blir samla i sentralsjukehuset.
- Lærdal sjukehus skal likevel tilby ortopedisk poliklinikk inntil tre dagar i veka eller rundt 2500 konsultasjonar i året.
- Nordfjord sjukehus skal tilby dagkirurgi med opptil 60 operasjonsdagar årleg.
- Den indremedisinske beredskapen ved lokalsjukehusa blir vidareført som i dag.
- Styret vedtek å vidareføre God start med jordmorsenter ved Nordfjord sjukehus i samarbeid med kommunane Stad, Kinn, Gloppen, Bremanger og Stryn. God start-eininga i Lærdal skal inntil vidare drivast som i dag, i samarbeid med kommunane Lærdal og Årdal. Alternative driftsmodellar skal utgreiast og styrebehandlast seinare i år.
- For ambulansane blir døgnbilen i Lavik blir flytta til Fjaler, og dagbilen i Fjaler blir lagt ned.
- Hudpoliklinikken i Florø blir lagt ned, medan hudpoliklinikken i Sogndal opprettheld eit poliklinisk tilbod om lysbehandling i Sogndal inntil vidare.
- Det blir ikkje gjort endringar i struktur eller døgnkapasitet ved dei distriktspsykiatriske sentra i Sogndal og Nordfjord.
- Helse Førde skal i 2026 starte arbeidet med å etablere hjartesviktpoliklinikk og desentralisert lungepoliklinikk med tilbod om lungerehabilitering ved Lærdal sjukehus.
- I samarbeid med Helse Vest har vi sikra avtalespesialist for augnesjukdommar ved Lærdal sjukehus. Her får ein kapasitet på minst 500 grå stær-operasjonar årleg og 3000–5000 polikliniske konsultasjonar årleg.

Les også
Vil gjennomføra kontroversielt ambulansekutt
Bagatellisering
Dei peikar på at Lærdal sjukehus er eit føredøme på korleis ein kan kombinera planlagde ortopediske tenester med høg kvalitet med god utnytting av fellesressursane.
– Fagmiljøet rundt operasjonsavdelinga er viktig for heile sjukehuset, ikkje minst for akuttberedskapen.
Aksjonsgruppa meiner Helse Føde bagatelliserer når dei seier at, samla sett veg ressursinnsparinga opp for dei negative konsekvensane i form av auka reisebelastning og svekkja totalberedskap.
– Utan skadepoliklinikken vil innbyggjarar og gjennomreisande i denne store regionen få svært lang veg til hjelp når dei treng det. Kommunane og sjukehuset vil stå dårlegare rusta til å takla større ulukker og katastrofar. Korleis kan dette rime med at myndigheitene manar oss alle til å ta ansvar for beredskap, på alle nivå?
Tviler på innsparingar
Dei fryktar at pasientar i Sogn ikkje vil få hjelp, når det hastar.
– Stengde vegar er ikkje uvanleg i Sogn. Å satsa på helikopter er eit sjansespel. Er styret kjent med at kansellerte oppdrag for luftambulansen på grunn av vêr i vinterhalvåret ligg på opp mot 40 prosent for kommunane Lærdal, Årdal og Luster?
Aksjonsgruppa tviler på at dei føreslegne tiltaka i realiteten vil gje Helse Førde den forventa innsparinga.
– Dei kompenserande tiltaka som er skissert, verkar ikkje truverdige. Me håpar styret vil avvisa framlegget. Ikkje ta tryggleiken og beredskapen frå ein region med 7 000 kvadratkilometer med fjord, fjell og utfordrande topografi.

Les også
Styreleiaren: – Me må sjå på kva som er mogleg å flytta ut
Les også
Hovudtillitsvalt: – Eg håpar det genererer arbeidsplassar
Les også
Reaksjonar på kuttforslaget: – Det lappeteppet me frykta