– Går det til helvete, så går det til helvete, som dei seie i Odda, sa André Søfteland då han fredag kveld introduserte seg sjølv audition på The Voice 2026.

Søfteland var første artist ut, og fekk fortald om sine tidlegare erfaringar med auditions i USA. Han sa også at han har jobba med dommaren Marion Ravn på scena før, og var spend på om ho kjende att stemma hans.

Søfteland framførte så «I who have nothing», som er kjend frå både Tom Jones, Shirley Bassey og Ben E. King. Framføringa imponerte dei fire dommarane.

Gjensynsglede

Artisten Jarle Bernhoft var den første som snudde seg, og med det signaliserte at han ville jobba med oddingen. Deretter snudde Ravn seg, og gjensynsgleda mellom dei to var tydeleg.

– Kven som helst ville døydd for å ha deg på sitt lag, kommenterte den erfarne dommaren Espen Lind.

Debutantane Ingebjørg Bratland og Marion Ravn ville også jobba med oddingen. Alle fire ønska altså å jobba med Søfteland, som så måtte velja kven han ville gå vidare med.

– Det var ei mektig oppleving, sa Jarle Bernhoft.

Søfteland valde å gå vidare med Bernhoft som mentor, og dermed vert det nok fleire gjensyn med dei to framover.