Og no kjem dei stadig nærare å nå det målet.

Kong Harald og Dronning Sonja vil gjerne besøke alle landets kommunar. Dei manglar ni.

Ein av dei er Askvoll kommune. 28. mai kjem dei til Askvoll med Kongeskipet, melder Kongehuset.

Kongeparet er på Vestland-rundtur. Dei startar ferda med skipet i Etne kommune før dei reiser vidare til Samnanger og Vaksdal retning Bergen.

Dei avsluttar Vestland-turen med Askvoll.

Då står berre Beiarn i Nordland, Nissedal og Siljan i Telemark og Rindal og Høylandet i Trøndelag att, melder NTB.

Om ei veke fyller kong Harald 89 år.

Firda har enno ikkje luktast å få kontakt med (den truleg) lykkelege komande verten, Askvoll-ordførar Ole Andre Klausen.