«To evnerike søsken, Solfrid og Kenneth Sivertsen, fortener merksemd. Solfrid er forfattar og Kenneth var komponist og musikar. Dei har begge vore viktige stemmer i Sunnhordland, i vestlandsk og nasjonalt kulturliv. 21. mars kan ein få rike opplevingar og meir innsikt i verka deira, gjennom førelesingar og musikalske tolkingar og framføringar».
Slik blir pressemeldinga om det komande litteraturseminaret på Bergslagen, i regi av Sunde kyst- og litteratursenter, innleidd.
Solfrid og Kenneth, som begge er fødde og oppvaksne på Bømlo, har vist stor kjærleik til landskapet og opphavet sitt gjennom verka sine. Seminaret på Sunde, som ber namnet «Sivertsendagen», går i djupna av kunstnarskapen til søskenparet.
Musikk og føredrag
Av programmet kan ein lesa at trioen Gabriela Garrubo, Johannes Vaage og Nils Henrik Sagvåg skal spela musikk av Kenneth Sivertsen, medan Njål Vindenes skal halda eit føredrag om den kjende komponisten og musikaren som døydde i 2006.
«Han hadde unike musikalske evner som gitarist og slo for alvor gjennom nasjonalt og internasjonalt med Remembering North, eit stjernespekka album produsert av den amerikanske vibrafonisten Mike Mainieri. Visesongaren Sivertsen kjem fram i Draumespor, med tekstar av mellom anna William Shakespeare», står det å lesa om Kenneth Sivertsen i pressemeldinga.
– Lyrisk, utan klisjear
Om søstera Solfrid blir det skrive at ho debuterte som forfattar med novellesamlinga «Porselensfiguren» i 1986. To år seinare gav ho ut «Bortanfor mellomste rommet», og i 1994 debuterte ho som romanforfattar med «Grøn koffert». Solfrid har òg gitt ut fleire barnebøker.
«Sivertsen skriv lyrisk, utan klisjear og med innsikt om tilsynelatande kvardagslege ting utan å sjokkere. Ho skriv om omsorg, kvardagsliv, barndom, lagnader, lengt, sanning og livsløgner. Ho meistrar kombinasjonen av stillfarande realisme og stor dramatikk», heiter det i pressemeldinga.
I tillegg til at ho sjølv er til stades på seminaret, kor ho skal lesa høgt for publikum, skal også Elin Stengrundet, Eli Fossdal Vaage og Ingrid Nielsen halda innlegg om forfattarskapen. Trude Hege Bergesen skal dessutan leia ei samtalegruppe om Sivertsen sine noveller.