Mange vil vita at eg har ein yrkeshistorie med offentleg søkjelys, både i Årdal og i regionen. Utan å klaga, fordi eg har valt posisjonane sjølv, har eg erfaring frå ulike situasjonar, der lojaliteten til systemet har trua lojaliteten til meg sjølv.
I ei tung stund, der kritikken hagla mot meg og rolla min som rådmann, uttrykte ordføraren følgjande: «Du må vere klar over, Ingvar, at politikk er noko djevelskap».
Denne utsegna gav meg eit nytt perspektiv og innsikt i at eg måtte ta ansvar for min eigen integritet og ikkje gå på akkord med verdigrunnlaget mitt.
Mi personlege vaksenopplæring kom tilbake til meg då eg lytta til det digitale opptaket frå styremøtet i Helse Førde.
Ordet gjekk rundt bordet. Alle styremedlemmene sutra over kor trist, alvorleg og vanskeleg det var at dei måtte stemma for ei alvorleg nedskalering av Lærdal sjukehus.
Hovudgrunnen var manglande økonomiske rammer og at lojaliteten deira, som styremedlemmer, var førande for stemmegjevinga. Særleg Arne Johannesen retta «peikefinger» mot regjeringa og ministeren for å svikta lokalsjukehusa med manglande økonomiske rammer.
Men; Arne Johannesen og resten av styret, tårene dykkar og sjølvmedlidenheiten over at stakkars dykk måtte gjera dette valet, tørkar før dei når lommetørkleet.
De brukar lojaliteten til styreverva som alibi for å gjera vedtak de ikkje er samde i. Alternativt kunne de bruka styreverva til å protestere mot manglande økonomiske rammer ved å gå av. Det kostar dykk tydelegvis for dyrt, men tapet av personleg integritet, omdøme og respekt er dyrare enn prestisjetunge styreverv.
På denne måten stadfester de ministeren sine økonomiske rammer, samstundes som de uttrykkjer unison motstand. Dette heiter «politisk svarteperspel» og er, slik nemnde ordførar sa til meg, noko djevelskap.
Svarteper er Lærdal sjukehus, Lærdal kommune og region Sogn.