– Det er kjempefint å få kome tilbake igjen, seier Jostein Jørgensen.
– Fantastisk. Eg er kjempeglad for det.
Kona og han har i 38 år budd i heimen sin på Byneset.
Men da containerskipet «NCL Salten» trefte land i fjor vår, utløyste det eit skred på tomta til Jørgensen.
Sidan har Jørgensen og familien vore evakuert, men måndag flyttar dei tilbake.
– Vi har heile tida håpa på å få flytte tilbake igjen, men vi har aldri vore sikker.
Skipet trefte nesten huset til Jørgensen sin nabo, Johan Helberg.
Foto: Tariq Alisubh / NRK
– Ei påkjenning
Lenge var det uklart kven det var som skulle ta rekninga for skredsikring av tomta.
Verken reiarlaget, kommunen, staten eller forsikringsselskapet ville dekke utgiftene for å få sikra Jørgensen sin eigedom.
– Vi stod der aleine og visste ikkje kva som kom til å skje.
– Det var veldig tøft. Vi har budd der i 38 år og bygd opp plassen, så å forlate heimen vår har vore veldig trist. Kjempetrist.
Jørgensen fortel at tida som evakuert har vore ei påkjenning.
Foto: Qader Faraji / NRK
Jørgensen fortel at han ikkje var sikker på om dei nokosinne kom til å få flytte tilbake.
Evakueringa har vore vanskeleg for familien.
– Det har vore ei veldig påkjenning, både fysisk og psykisk.
– Det er den usikkerheita med om ein i det heile tatt får kome tilbake og i så fall når. Vi har levd i uvisse lenge.
Jørgensen og familien blei evakuert frå heimen sin etter at «NCL Salten» trefte land 22. mai i fjor.
Foto: Morten Andersen / NRK
Over tre månader etter at skredet gjekk, blei det klart at staten og kommunen tar halvparten av rekninga kvar.
Sidan oktober har det omfattande sikringsarbeidet blitt gjennomført.
Omtrent 13.000 tonn leire frå sjøbotnen har blitt frakta bort og 20.000 masse har blitt tilført i skredgropa.
Skredkanten kom nærare og nærare Jørgensen sitt hus.
Foto: Helge Bull-Engelstad / NRK
Det gjer at det er ein annan stad Jørgensen og familien kjem tilbake til enn dei forlét.
– Vi har jo ikkje strand lenger for å seie det sånn.
Jørgensen presiserer at entreprenøren har gjort ein veldig god jobb med sikringsarbeidet.
– Men ein kan ikkje gjenskape det naturen har laga.
Jørgensen er glad for å få flytte tilbake, men saknar strandkanten slik den var før skredet.
Foto: Qader Faraji / NRK
– Etterforskinga er ferdig
To personar har status som sikta for brot på skipssikkerheitslova etter at skipet trefte grunn.
Den første av dei, ein mann i 30-åra, har forklart til politiet at han sovna da han var på vakt på brua.
Sjøfartsdirektoratet har i sin rapport slått fast at bruvaktalarmen var avslått og at hendinga kunne ha vore avverja.
– Etterforskinga er ferdig og saka er sendt over til Sjøfartsdirektoratet, fortel politiadvokat Kjetil Bruland Sørensen.
Som særmyndigheit vil direktoratet gi innspel til etterforskinga, fortel Sørensen.
– Vi reknar med å få svar frå dei før påske.
Først når politiet har mottatt svar frå direktoratet vil det eventuelt bli tatt ut tiltalte mot dei to sikta personane.
Publisert
02.02.2026, kl. 11.58
Oppdatert
02.02.2026, kl. 13.09