Tysdag føremiddag rykte ambulanse og politi ut til ei alvorleg arbeidsulykke i Askvoll. Politiet stadfestar overfor Firda at ein mann miste livet i ulykka. Dei pårørande er varsla.
– Politiet har oppretta sak på ei arbeidsulykke, og så må vi gjere nødvendige undersøkingar for å finne ut kva som har skjedd, seier Guro Huus Folkestad, politiet sin innsatsleiar på staden.
Ulykka skjedde på rådhuset i Askvoll, og politiet stadfestar at den omkomne jobba i kommunen.
Ordførar i Askvoll, Ole Andre Klausen, fortel at kommunen har sett i gang kriseteamet. Han er sjølv tydeleg prega av det som har skjedd.
– Eg var på jobb då dette skjedde, og det er klart at dette påverkar ein veldig mykje. Det er ein veldig spesiell og trist dag, seier Klausen.
Ordføraren kan ikkje på dette tidspunkt kommentere saka nærare.
Tysdag ettermiddag melder politiet at ulykka framstår som eit tragisk uhell.