Leiar i Nav Kvinnherad, Maria Danuta Sadowska, fekk seg ei stor overrasking då ho opna e-posten måndag. Der låg det nemleg ei melding frå HER-programmet med informasjon om at ho var nominert i kategorien årets leiarstjerne i HER Awards.
– Det var utruleg kjekt. Eg blei veldig rørt av det, og kjende at det trefte meg midt i hjartet, seier Sadowska.
Ho peikar på at det er ei anerkjenning av arbeidet dei gjer i Nav Kvinnherad, og trekkjer fram sine gode kollegaer.
– For meg handlar det ikkje om meg eller berre éin person, dette handlar om heile laget. Eg står i dette saman med mine dyktige kollegaer. Vi har heile tida i bakhovudet at vi skal jobba for å løfta menneske, tenestene og ikkje minst kvarandre. Så dette er heilt klart eit lagarbeid. Difor meiner eg at denne nominasjonen er ei anerkjenning av det arbeidet vi gjer på kontoret og dei resultata vi får til saman, ikkje på min leiarstil, seier ho.
– Inspirerande
HER Awards er ei nasjonal prisutdeling som løftar fram kvinner og ulike verksemder som bidrar til verdiskaping og samfunnsendring på tvers av bransjar og geografi.
Det er plukka ut ei rekkje nominerte i 14 ulike kategoriar. 10. februar skal det vidare plukkast ut 20 semifinalistar i kvar kategori, som folket skal stemma på. Dei ti med flest stemmer i kvar kategori går til finalen, kor ein jury skal plukka ut ein vinnar. Vinnarane blir offentleggjorde under HER Awards, som går av stabelen 27. april på Ullevaal stadion.
– Eg reknar ikkje med at eg blir ein av desse. For meg er nominasjonen allereie ei stor anerkjenning og ein siger i seg sjølv. Det er utruleg kjekt at samfunnsoppdraget vårt blir synleg i form av dette. Det er veldig mange uredde, flinke kvinner som står i viktige roller og som er nominerte til pris, og for min del er det inspirerande å vera ein del av dei, seier Sadowska og held fram:
– Om eg skulle bli ein av semifinalistane så blir eg veldig overraska, men det er utruleg kult å berre vera ein av dei nominerte.