Onsdag ettermiddag blei ein mann funnen død i ein gjødseltank i Stad kommune.
Politiet kom til staden like etterpå.
Mannen blei funnen av kona hans.
Politiet meiner det framstår som ei ulykke, og har ingen mistanke om noko kriminelt, opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Knut Dahl-Michelsen.
Alle nærmaste pårørande er seinare onsdag varsla, melder politiet.
Den avdøde mannen utførte arbeid i gjødseltanken for nokon i familien. Politiet etterforskar hendinga som ei arbeidsulykke.