Torsdag ettermiddag vart ein mann i 60-åra funnen død i ein gjødseltank i Stad kommune i Nordfjord.

Politiet er på staden og gjer undersøkingar.

– Det står fram som ei ulukke og det er ikkje mistanke om at det har skjedd noko kriminelt, opplyser operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen ved Vest politidistrikt.

Mannen skal ha blitt funnen av eit familiemedlem.

Dei næraste pårørande er varsla.

– Den avdøde skal ha utført arbeid i gjødseltanken.

Politiet handterer hendinga som ei arbeidsulukke.