Det vart ei svært sterk NM-helg for korpsmiljøet i Florø og Bremanger. Både Flora-Bremanger Brassband og Florø Hornmusikk sikra seg pallplass i sine divisjonar – og tok i tillegg med seg eigne prisar heim.

Pallen og opprykk

Flora-Bremanger Brassband konkurrerte i 4. divisjon og leverte ein svært solid prestasjon. Med 93 poeng enda dei på 2.-plass, berre eitt poeng bak vinnarane Skeie Brass (94 poeng). 2.-plassen betyr at dei rykkjer opp til 3. divisjon neste gong NM blir arrangert.

I tillegg vart det ekstra heider då gruppeprisen for beste tuba-rekke i divisjonen gjekk til Flora-Bremanger Brassband.

Dermed kunne brassbandet reise heim både med pallplass, opprykk og eigen spesialpris.

Solistpris til Florø Hornmusikk

I 5. divisjon leverte Florø Hornmusikk også ein sterk konkurranse. Korpset enda på 3. -plass med 92 poeng. Langhus Brass vann divisjonen med 95 poeng.

Solistprisen i divisjonen gjekk til principalkornetten i Florø Hornmusikk, Eva Cecilie Rognsøy – noko som løfta helga endå eit hakk for Florø-korpset.

I elitedivisjonen var det Eikanger-Bjørsvik Musikklag som gjekk heilt til topps og vart norgesmeister med 96 poeng. Manger Musikklag tok sølv, medan Stavanger Brass Band sikra seg bronse.

Totalt vart det delt ut pallplassar i fem divisjonar, med vinnarar frå heile landet. I 1. divisjon vann Rong Brass, i 2. divisjon Agder Brass og i 3. divisjon Evanger Musikklag.